Korleis dette er laga

Tala på desse sidene kjem frå Alver sine offentlege møteprotokollar — dei same PDF-ane du finn i kommunen sin eigen innsynsportal. Ei protokoll vert henta, og teksten som skildrar handsaminga av kvar sak vert lese av ein KI-modell.

Uttrekket har éin jobb: finne røystingane i teksten og strukturere dei — kven som fremja kva, kva som vart vedteke eller falt, og korleis partia fordelte seg. Det tolkar ikkje kva vedtaket betyr, og det skriv ingenting som ikkje alt står i protokollen. Finn det ingen voteringstekst i ei sak, vert det heller ingen votering vist for henne her.

Kor sikre tala er

Kvar partistemme har ei kjelde. Eksplisitt tyder at protokollen sjølv oppgir talet (t.d. 7 SP, 6 AP …). Utleidd frå namn tyder at protokollen berre listar namngjevne representantar, og at partitalet er talt opp frå den lista — eit ekstra steg som kan bomme om eit namn er stava feil eller ikkje kjent att.

Kvar votering har òg eit presisjonsnivå, sett etter kor mykje protokollen faktisk oppgir:

Kva vi veit er svakt

Dette er ikkje ei fullstendig liste over feilkjelder, men dei vi kjenner til og kan seie noko konkret om:

Så langt dekkjer datasettet for Alver 597 av 606 registrerte sak(er) med eit fullført uttrekk. Sist henta frå kommunen: 2026-08-09. Sist uttrekt: 2026-08-09.