Henta frå Alver sine offentlege møteprotokollar og strukturert
med KI. Feil kan førekome.
Korleis dette er laga
Same arkivnummer går att i 2 handsaming(ar). Tittelen og
utfallet under er attgitt slik dei står i kvar einskild protokoll for seg — dei kan
skilje seg frå kvarandre mellom møta, og sida vel ikkje éi av dei som «rette» tittel.
PS 38/25
Utval for areal, plan og miljø · 2025-03-26
Klage på avslag dispensasjon og rammesøknad - gbnr. 482/63 - kaianlegg Brekkestø med parkering, veg, utstikkare
Framlegg 1
vedteke
Leif Taule-SP
Ynskjer saka utsatt for synfaring ved første moglegheit.
Utfall: vedteke · Presisjon: samroystes
Ingen partifordeling registrert — sjå råteksten under.
Råtekst frå protokollen:
protokollen (PDF)
Framlegget vart samrøystes vedteke.
– · Sjå heile saklistesaka →
PS 48/25
Utval for areal, plan og miljø · 2025-05-07
Klage på avslag dispensasjon og rammesøknad - gbnr. 482/63 - kaianlegg Brekkestø med parkering, veg, utstikkare
Framlegg 1
vedteke
Ståle J Hauge-AP
Vis heile framlegget
- Klagen i frå tiltakshavar på vedtak 2024/8326-10, datert 24.10.2024, vert teke delvis til følgje. Det vert gjeve dispensasjon frå byggjegrense mot sjøen, frå planføremål naust, planføremål vern og bruk av sjø og frå plankrav for etablering av utfylling i sjøen, etablering av parkeringsplassar med snuplass, tredekke, utviding av brygge, rehabilitering av felles kaianlegg med kaifront med 5 utstikkare på Brekkestø. Dispensasjonen er heimla i plan- og bygningslova § 19-2.»
- Utvalet kan ikkje så at tiltaket har negative konsekvensar for helse, miljø og jordvern. For sikkerheit og tilgjengelegheit har tiltak store positive verknader.
- Dispensasjon set ikkje overordnaplanar vesentleg til side og utvalet
- Samla sett ser utvalet fordelane med å gi dispensasjon klart større en ulempene.
- Dispensasjon gies på vilkår av: Reduksjon av utstikkarar til 9 meter målt frå byggningsliv. Det skal ikkje utførast anleggs arbeid i sjø og strandsone i perioden for gytetid 1. februar til 30.juni.
- Grunngjeving:
- Tiltaket ligg i eit område som alt er nedbygd med naust og tilhøyrande kaier/instalasjoner. Når ein skal rehabilitere (kai og kai-utstikkarar), som alt er etablerte tiltak som ligg i strandsona og sjø krev det at det skjer i strandsona. Søknaden Det gjeld alt eksisterande tiltak og utbetring og utvalet kan derfor ikkje så at formålet med og bestemmelser i interkommunal plan for sjøareala i Nordhordland vert sett vesentleg til side.
- Omsøkt utviding av brygge ser utvalet som naudsynt for å sikre kaiarealet som er om søkt og vil auke sikkerheita.
- Den indre farleia krev særskilt oppmerksomhet. Ei rehabilitering vil «løfte» synsinntrykkets og fremma at den indrefarlei sine bygg og installasjonar vert tekke vare på, og ikkje skjemmer innrykket ved forfall. Tiltaka verkar ikkje å vere større enn naudsynt for å rehabilitere og etablere ein funksjonell og sikker kaifront og utstikkara som kan motstå «erosjon» frå skipstrafikk i Radsundet.
- Utvalet kan ikkje så at tiltaket forverrar forhold i sjø og dermed ikkje set vern av sjø og vassdrag til vesentleg side. Tiltaket vil påverke forholdet i sjø positivt ved at det hindrar ytterlegare erosjon av alt etablerte tiltak.
- Søknad inneheldt etablering av parkeringsplassar og snuplass. Under synfaringa ser utvalet at det arealet alt er etablert når naust og vei vart etablert i eldre byggesak. Snuplass ser ut til å vere ein del av kai arealet. Så ytterlegare terreng inngrep er ikkje naudsynt.
- Arealet er alt privatisert og om søkt tiltak vil ikkje ytterlegare privatisere området eller strandsona.
Utfall: vedteke · Presisjon: samroystes
Ingen partifordeling registrert — sjå råteksten under.
Råtekst frå protokollen:
protokollen (PDF)
Framlegget var samrøystes vedteke.
Votering — falt
Utfall: falt · Presisjon: ukjend
· for: 0
Ingen partifordeling registrert — sjå råteksten under.
Råtekst frå protokollen:
protokollen (PDF)
Kommunedirektøren sitt framlegg fekk ingen røyster og fall.
– · Sjå heile saklistesaka →