Henta frå Alver sine offentlege møteprotokollar og strukturert
med KI. Feil kan førekome.
Korleis dette er laga
Same arkivnummer går att i 2 handsaming(ar). Tittelen og
utfallet under er attgitt slik dei står i kvar einskild protokoll for seg — dei kan
skilje seg frå kvarandre mellom møta, og sida vel ikkje éi av dei som «rette» tittel.
PS 4/26
Utval for levekår · 2026-01-27
Plansak kommunedelplan, barnehage- og skulebruksplan fase 2, tiltak struktur sendt til høyring
Framlegg 1
6–5 · vedteke
Gunn Tove Skjervheim-Sp, Vigdis Villanger-Sp, Kari Sæthre-Sv
Vis heile framlegget
- Skulebruksplanen er ikkje er forsvarleg utgreidd og oppfyller ikkje krava
- til forvarleg saksutgreiing. Saka blir sendt tilbake til administrasjonen for
- ny saksutgreiing med særleg vekt på:
- – reell forankring i kommuneplanen sin samfunnsdel
- – konkret og integrert vurdering av barnets beste
- – heilskapleg konsekvensutgreiing av samfunnsmessige verknader og
- alternative løysingar
- Saka vert ikkje lagt ut på høyring før desse forholda er tilfredsstillande
- utgreidde.
Utfall: vedteke · Presisjon: blanda
· for: 6
· mot: 5
| Parti | Side | Røyster | Kjelde |
| AP | mot | 3 |
utleidd frå namn |
| FRP | mot | 1 |
utleidd frå namn |
| H | mot | 1 |
utleidd frå namn |
Råtekst frå protokollen:
protokollen (PDF)
Framlegget vart vedteke med 6 røyster, mot 5 røyster (Kjell Idar Vangberg-Ap, Tone Marit Dyrkolbotn-Ap, Matias Våge-Ap, Ida Rambech-H, Nina Øvreås-Frp)
Framlegg 2
5–6 · falt
Kjell Idar Vangberg-Ap
Utval for Levekår støttar kommunedirektøren sitt framlegg til vedtak.
Utfall: falt · Presisjon: blanda
· for: 5
· mot: 6
| Parti | Side | Røyster | Kjelde |
| KRF | mot | 2 |
utleidd frå namn |
| SP | mot | 2 |
utleidd frå namn |
| SV | mot | 1 |
utleidd frå namn |
| V | mot | 1 |
utleidd frå namn |
Råtekst frå protokollen:
protokollen (PDF)
Framlegget fall med 5 røyster for, mot 6 røyster ( Gunn Tove K Skjevheim-Sp, Vigdis Villanger-Sp, Kari Sæthre-Sv, Marius H Hindenes-V, Joackim Byrknes-Krf, Asle Hetlebakke-Krf)
utleidd frå namn · Sjå heile saklistesaka →
PS 23/26
Utval for levekår · 2026-05-19
Plansak kommunedelplan, barnehage- og skulebruksplan fase 2
Framlegg 1
3–8 · falt
Kari S.Sæthre-SV
Vis heile framlegget
- Gå tilbake til det opprinnelige farmlegget i Fase 2.,
- For å ta på alvor å utvikle bygdene, og tilrettelegge for arbeidsplasser og servicetilbod i heile
- kommunen,
- må nærskulane oppretthaldast i størst mogeleg grad.
- Holsenøy treng 3 barneskular og ein ungdomsskule.
- Radøy treng 3 barneskular og ein ungdomskule.
- Gamle Lindås har flest innbyggarar og størst areal og treng 5 til 6 barneskular og 3
- ungdomskular.
- Kommunen treng friske penger, og det er det no berre eigedomsskatt som kan gje.
- Vi vil stoppe framlegget til kommunedirektøren slik det ligg føre.
Utfall: falt · Presisjon: blanda
· for: 3
· mot: 8
| Parti | Side | Røyster | Kjelde |
| AP | mot | 3 |
utleidd frå namn |
| FRP | mot | 1 |
utleidd frå namn |
| H | mot | 1 |
utleidd frå namn |
| KRF | mot | 2 |
utleidd frå namn |
| V | mot | 1 |
utleidd frå namn |
Råtekst frå protokollen:
protokollen (PDF)
Framlegget fall med 3 røyster for mot 8 røyster mot (Kjell Idar Vangberg-AP, Matias Våge-AP, Noah Sellevoll-AP, Ida Rambech-H, Nina S Øvreås-FRP, Joakim Byrknes-KRF, Asle Hetlebakke-KRF, Marius H. Hindenes-V)
Framlegg 2
3–8 · falt
Gunn-Tove Skjervheim-SP, Vigdis Villanger-SP
Vis heile framlegget
- Utval for levekår viser til at dei framlagde vurderingane viser negative konsekvensar for
- barn, elevar, familiar, tilsette og lokalsamfunn
- ved dei foreslåtte skulenedleggingane og strukturendringane. Dette gjeld mellom anna
- lengre reiseveg, tap av nærskule, utryggleik i overgangar, svekka nærmiljø
- og auka belastning for barn og familiar.
- Utvalet legg òg vekt på at prosessen over tid har skapt svært stor uro i bygder, familiar,
- elevgrupper og blant tilsette. Uvissa knytt til framtidig skulestruktur påverkar skulemiljø,
- rekruttering, stabilitet og tillit. Utvalet er kjent med at tilsette sluttar eller vurderer å slutte
- som følgje av den langvarige uroa og manglande avklaringa.
- Utvalet ser svært alvorleg på at det i arbeidet med barnets beste-vurderingane er avdekt
- bruk av KI-genererte og feilaktige forskingskjelder. Dette gjeld eit sentralt
- kunnskapsgrunnlag i saka, og har svekka tilliten til prosessen ytterlegare. Utvalet meiner at
- tilliten til skulebruksplanarbeidet blant innbyggjarar, foreldre, elevar og tilsette no er så
- svekka at saka ikkje bør førast vidare.
- Utvalet meiner at omsynet til barnets beste, trygge og stabile
- oppvekstmiljø, føreseielege arbeidsplassar og levande lokalsamfunn må vege tyngre enn
- den kortsiktige økonomiske innsparinga som ligg til grunn for forslaget.
- På denne bakgrunn blir arbeidet med skulenedleggingar og omfattande strukturendringar i
- barnehage- og skulebruksplan fase 2 stoppa. Saka blir ikkje sendt på høyring.
- Kommunedirektøren får i oppgåve å kome tilbake med alternative tiltak for å løyse
- kommunen sine økonomiske utfordringar, utan skulenedleggingar som
- tiltak. Desse alternativa skal greiast ut som del av det vidare budsjett- og
- økonomiplanarbeidet.
Utfall: falt · Presisjon: blanda
· for: 3
· mot: 8
| Parti | Side | Røyster | Kjelde |
| AP | mot | 3 |
utleidd frå namn |
| FRP | mot | 1 |
utleidd frå namn |
| H | mot | 1 |
utleidd frå namn |
| KRF | mot | 2 |
utleidd frå namn |
| V | mot | 1 |
utleidd frå namn |
Råtekst frå protokollen:
protokollen (PDF)
Framlegget fall med 3 røyster for mot 8 røyster mot (Kjell Idar Vangberg-AP, Matias Våge-AP, Noah Sellevoll-AP, Ida Rambech-H, Nina S Øvreås-FRP, Joakim Byrknes-KRF, Asle Hetlebakke-KRF, Marius H. Hindenes-V)
Framlegg 3
vedteke
Asle Hetlebakke-KRF
- Endringsforslag:
- Orda "i minimum seks veker" vert endra til "med høyringsfrist 30. september 2026."
Utfall: vedteke · Presisjon: samroystes
Ingen partifordeling registrert — sjå råteksten under.
Råtekst frå protokollen:
protokollen (PDF)
Framlegget vart samrøystes vedteke.
Framlegg 4
vedteke
Joakim Byrknes-KRF
Vis heile framlegget
- Endringsforslag:
- Levekårsutvalet ber administrasjonen om å greie ut samfunnsmessige konsekvensar utover
- det som allereie er belyst i saka. Utgreiinga skal gjennomførast i samband med
- høyringsperioden.
- Utgreiinga skal leggje vekt på den langsiktige attraktiviteten for Alver kommune i samband
- med strukturtiltak i skulen.
- Utgreiinga skal òg leggje vekt på moglege konsekvensar ved til dømes rekruttering til helse
- ved å gjere endringar i skulen.
Utfall: vedteke · Presisjon: samroystes
Ingen partifordeling registrert — sjå råteksten under.
Råtekst frå protokollen:
protokollen (PDF)
Framlegget vart samrøystes vedteke.
Framlegg 5
3–8 · falt
Gunn-Tove Skjervheim-SP
Vis heile framlegget
- Utval for levekår viser til vedtaket frå 27. januar 2026, der skulebruksplanen vart sendt
- tilbake til administrasjonen fordi saka ikkje var forsvarleg utgreidd og ikkje oppfylte krava
- til forsvarleg saksutgreiing. Utvalet kravde då ny saksutgreiing med særleg vekt på reell
- forankring i kommuneplanen sin samfunnsdel, konkret og integrert vurdering av barnets
- beste, og heilskapleg konsekvensutgreiing av samfunnsmessige verknader og
- alternative løysingar. Utvalet vedtok òg at saka ikkje skulle leggjast ut
- på høyring før desse forholda var tilfredsstillande utgreidde.
- Utvalet vurderer at denne føresetnaden framleis ikkje er oppfylt.
- Utvalet legg særleg vekt på at barnets beste-vurderingane framleis er førebelse, og at
- administrasjonen sjølv legg opp til at den endelege og heilskaplege vurderinga først
- skal gjennomførast etter høyringsperioden. Dette er ikkje i tråd med bestillinga om ei
- konkret og integrert barnets beste-vurdering før høyring.
- Utvalet ser òg svært alvorleg på at det i arbeidet med barnets beste-vurderingane er avdekt
- bruk av KI-genererte og feilaktige forskingskjelder. Dette gjeld eit sentralt
- kunnskapsgrunnlag i saka, og har svekka tilliten til prosessen blant innbyggjarar,
- foreldre, elevar og tilsette.
- Utvalet legg vidare vekt på at prosessen over tid har skapt stor uro i bygder, familiar,
- elevgrupper og blant tilsette. Uvissa knytt til framtidig skulestruktur påverkar skulemiljø,
- rekruttering, stabilitet og tillit.
- Dei framlagde vurderingane viser at skulenedleggingane vil ha negative konsekvensar for
- barn, elevar, familiar, tilsette og lokalsamfunn, mellom anna gjennom lengre reiseveg, tap
- av nærskule, utryggleik i overgangar og svekka nærmiljø. Utvalet meiner
- at konsekvensane for læringsmiljø, trivsel, mobbing, fråvær, fagleg utvikling og oppfølging
- av sårbare elevar ikkje er tilstrekkeleg konkret utgreidde.
- På denne bakgrunn blir saka ikkje lagt ut på høyring no.
- Kommunedirektøren får i oppgåve å kome tilbake med eit nytt og forsvarleg saksgrunnlag, i
- tråd med vedtaket frå 27. januar 2026. Saksgrunnlaget skal særleg vise korleis barnets beste
- er konkret vurdert og vekta for kvart enkelt tiltak, korleis innspel frå barn og unge er
- innhenta og vurdert, og kva samfunnsmessige konsekvensar tiltaka vil ha for
- bygder, familiar, tilsette og lokalsamfunn.
- Kommunedirektøren skal samstundes kome tilbake med alternative tiltak for å løyse
- kommunen sine økonomiske utfordringar, utan skulenedleggingar som føresetnad.
Utfall: falt · Presisjon: blanda
· for: 3
· mot: 8
| Parti | Side | Røyster | Kjelde |
| AP | mot | 3 |
utleidd frå namn |
| FRP | mot | 1 |
utleidd frå namn |
| H | mot | 1 |
utleidd frå namn |
| KRF | mot | 2 |
utleidd frå namn |
| V | mot | 1 |
utleidd frå namn |
Råtekst frå protokollen:
protokollen (PDF)
Framlegget fall med 3 røyster for mot 8 røyster mot (Kjell Idar Vangberg-AP, Matias Våge-AP, Noah Sellevoll-AP, Ida Rambech-H, Nina S Øvreås-FRP, Joakim Byrknes-KRF, Asle Hetlebakke-KRF, Marius H. Hindenes-V)
Votering — vedteke
Utfall: vedteke · Presisjon: blanda
· for: 8
· mot: 3
| Parti | Side | Røyster | Kjelde |
| SP | mot | 2 |
utleidd frå namn |
| SV | mot | 1 |
utleidd frå namn |
Råtekst frå protokollen:
protokollen (PDF)
Kommunedirektøren sitt framlegg til vedtak vart vedteke med 8 røyster for mot 3 røyster mot (Gunn-Tove Skjervheim-SP, Vigdis Villanger-SP, Kari Sæthre-SV)
utleidd frå namn · Sjå heile saklistesaka →