Eit saksframlegg er det som vart lagt fram, ikkje vedtaket — kva utvalet
gjorde med det, står under.
Vi attgjev ikkje innhaldet: vi har berre registrert kva ord som står i
dokumentet, so det kan søkjast fram.
Framlegg 1
vedtekeOlav Steinar Namtvedt-SP
Vis heile framlegget
1. Utval for areal, plan og miljø opprettheldt sitt vedtak av 06.03.2024.
«Med heimel i plan- og bygningslova § 19-2 vert det gjeve dispensasjon frå føresegn 4.28 i kommunedelplan for Lindåsslusene, Lygra og Lurefjorden for bruksendring av eksisterande sjøbu til overnattingsføremål».
Grunngjeving:
Utvalet syner til at det etter pbl § 19-2 er høve til å dispensera frå planar og lover om vilkåra tilseier det. Dispensasjon er eit viktig verkemiddel for å få gjennomført tiltak der lover og tidligere planer hindrar ei rasjonell og ønska utvikling i ein kommune.
Tiltaket som utløyser søknad om dispensasjon er bruksendring av eksisterande sjøbu til overnattingsføremål. Det som er framført som grunnlag i klagen frå Statsforvaltaren er at tiltaket er i strid med planføresegnene punkt 4.28 og at omsynet bak planen er å hindra privatisering av strandsona. Statsforvaltaren har i saka framført at tiltaket vil føra til meirprivatisering av strandsona.
Gjennom kommunedelplanen er det avsett areal for spreidd næring - SN4 - på gb/nr 58/9, med føremål reiseliv. Byggjeforbodet i § 1-8 gjeld såleis ikkje innanfor byggjegrensene på SN4. Arealet i SN 4 er ikkje definert som tilgjengeleg strandsone i forarbeida til kommunedelplanen.
Området er tilrettelagt for næring med gjester og aktivitet, og det framgår av dei andre delane av byggjesøknaden at området skal nyttast til sauna, kajakkutleige og anna sjøretta resieliv. Dette er i samsvar med kommuneplanføremål og føresegner og vil uavhengig av overnatting i sjøbua generere aktivitet og tiltak på areala. Strandsona i området er såleis alt privatisert i ein slik grad at føremålet med føresegna i § 4.28 i dag framstår som uklar. Det framgår heller ikkje klart av planbeskrivelsen og forarbeida til arealdelplanen kvifor bestemmelen er tatt inn.
Då området alt er tatt i bruk og skal vidareutviklast, er det etter Utvalet sitt syn ikkje grunnlag for å hevda at overnatting i sjøbua vil føra til at området vert meirprivatisert i særleg grad. Om gjestane går frå sjøen og opp til tunet for å sova eller om dei legg seg til å sova i sjøbua etter ein dag med aktivitetar har etter Utvalet sitt syn liten eller ingen betydning for privatiseringsgraden.
Utvalet er ikkje samd med statsforvalteren i at området vert «meirprivatisert» som følgje av at det vert opna for overnatting også ved sjøen. Føremålet med kommunedelplanen er å stimulera og leggja til rette for aktivitet og næringsutvikling på Lygra. Effekten av dette må nødvendigvis føra til at areal vert nytta til eksklusive føremål. Sjølv om føresegnene i 4.28 vert tilsidesett, kan ikkje utvalet sjå at omsynet bak bestemmelsen vert vesentlig sett til side, då området alt er privatisert. Ved at området er avsett til spreidd næring, er det opna for aktivitet og tiltak i ein slik grad at det ikkje er meir å privatisera.
Slik Utvalet vurderer det gjeld ikkje friluftslova sine reglar om ålmenta sin ferdselsrett på innmark og næringsareal, jf friluftslovas § 1 a. Allmannaretten kan difor ikkje nyttast på arealet og ålmenta taper difor ingen rettar som følgje av at det vert gjeve løyve til overnatting i sjøbua. Det er såleis ikkje rett å vurdera tiltaket som meirprivatiserande. Omnsynet bak bestemmelsen i 4.28 vert difor heller ikkje vesentlig tilsidesett på dette grunnlaget. Då kommunen har innlemma SN 4 i sin langsiktige plan for utviklinga av området og ønskjer auka overnatting på Lygra, slik kommunedelplanen legg opp til, vurderer utvalet at føremonene ved tiltaket er større enn ulempene. Føremonene er auka overnattingskapasitet og auka grunnlag for reiseliv og turisme på Lygra, noko som er i samsvar med overordna kommunedelplan. Utvalet syner til at ingen av dei andre områda som er avsett til spreidd næring på Lygra er realisert i planperioden. Dette er uheldig og utvalet meiner det omsøkte tiltaket vil endra den situasjonen og føra til at eit viktig føremål med kommunedelplanen vert realisert.
Utvalet meiner og at det er ei føremon i eit miljøperspektiv at eksisterande bygg vert nytta før reising av nye bygg. Det er vidare ei føremon at gamle bygg og kulturmiljø vert oppretthaldne ved at dei får nye bruksmåtar, slik som i dennne saka. I tillegg vil løyve til overnatting vera med og styrkja næringsgrunnlaget på bruket og på Lygra og med det også grunnlaget for drift på Lyngheisenteret. Ulempene som er påpeika av Statsforvalteren om ei mogeleg meirprivatisering av området er etter utvalet si vurdering klart mindre enn føremonene.
Utfall: vedteke · Presisjon: samroystes
Ingen partifordeling registrert — sjå råteksten under.