Henta frå Alver sine offentlege møteprotokollar og strukturert
med KI. Feil kan førekome.
Korleis dette er laga
PS 33/25 Klage på avslag på søknad om dispensasjon frå krav om områdereguleringsplan og frå regulert avkøyrsle for oppføring av to tomannsbustadar – gbnr 1/415 Flatøy
Eit saksframlegg er det som vart lagt fram, ikkje vedtaket — kva utvalet
gjorde med det, står under.
Vi attgjev ikkje innhaldet: vi har berre registrert kva ord som står i
dokumentet, so det kan søkjast fram.
Framlegg 1
vedtekeLeif Taule-SP
Vis heile framlegget
Klagen frå tiltakshavar vert teke til følgje. Areal, plan og miljøutvalet gjev dispensasjon frå
frå krav om områdeplanregulering og frå regulert avkøyrsle for oppføring av to
tomannsbustadar – gbnr 1/415 Flatøy datert, 03.02.2025 med heimel i pbl §19-2.
Dispensasjonen vert gjeve på følgjande vilkår:
• Det må etablerast støyskjerming for uteareal
• Leikeplass må opparbeidast før det vert gjeve mellombels bruksløyve/ferdigattest for
bustadane
• Avkøyrsel skal opparbeidast etter vedtak datert 10.02.25
Grunngjeving:
• Søknaden gjeld resttomt i etablert område som er bygd ut etter gjeldane begyggelsesplan.
Ein områdeplan vil ikkje føra til betre beslutningsgrunnlag for eksisterande tomt
• Positivt med fortetting og utvikling av eit område som i dag ligg heilt brakk og er
skjemmande for området
• Tomta er bratt og det er ein stor føremon å få endra tilkomst slik at det vert trinnfri
tilkomst til bustadane.
• Det vert eit mykje mindre terrenginngrep ved endra tilkomst
• Leikeplass avsett i plan vert opparbeidd
Utval for areal, plan og miljø ser fordelane klart større enn ulempane etter ei samla
vurdering.
Utfall: vedteke · Presisjon: samroystes
Ingen partifordeling registrert — sjå råteksten under.