Eit saksframlegg er det som vart lagt fram, ikkje vedtaket — kva utvalet
gjorde med det, står under.
Vi attgjev ikkje innhaldet: vi har berre registrert kva ord som står i
dokumentet, so det kan søkjast fram.
Framlegg 1
vedtekeStåle J. Hauge-AP
Vis heile framlegget
Utval for areal, plan og miljø tek klagen frå tiltakshavar til følgje.
Dispensasjon
I medhald av plan- og bygningslova § 19-2 vert det gitt dispensasjon i fem år frå
reguleringsføresegn § 2.1 Estetisk utforming, jf. delpunkt § 2.1.1 og § 2.1.2, for oppføring av
omsøkt rubbhall i plast med grå fasade på eigedom gbnr. 137/839.
Saka vert sendt tilbake til administrasjonen for vidare handsaming av sjølve søknaden om
tiltak, jf. plan- og bygningslova kap. 20.
GRUNNGJEVING FOR DISPENSASJON
Utvalet har gjort ei samla vurdering etter plan- og bygningslova § 19-2 og finn at omsyna bak
estetikkføresegna ikkje vert vesentleg tilsidesette, og at fordelane er klart større enn
ulempene.
1. Omsyna bak føresegna vert ikkje vesentleg tilsidesett
Formålet med § 2.1 er å sikre at bygningsmassen får ei heilskapleg estetisk utforming som
tek omsyn til omgjevnadene.
Den omsøkte rubbhallen vert levert i grå fargetonar og med stålkonstruksjon og
betongfundament, noko som i stor grad samsvarar med den naturpaletten føresegna viser
til.
Hallen vil i praksis få eit visuelt uttrykk som ligg tett opp mot bygga i området, mellom anna
rubbhallen på nabotomta i sør.
Då store delar av Galteråsen næringsområde framleis ikkje er utbygd, er eksisterande
nabobebyggelse eit naturleg referansepunkt for visuell tilpassing.
Utvalet legg til grunn at bygget, i den skala og funksjon det har, framstår som rimeleg og
tilpassa eit moderne nærings- og lagerområde. Føresegna kan ikkje lesast slik at bruk av
plast som yttermateriale er absolutt forbode dersom farge og uttrykk oppfyller intensjonen.
2. Fordelane ved å gi dispensasjon er klart større enn ulempene
Utvalet legg vekt på:
Tiltaket er i tråd med arealføremålet BN5 – næringsbygg, som skal leggje til rette for
lagerverksemd og plasskrevjande næring.
Plasthall er det mest føremålstenlege materialvalet for lagring av vegsalt, då dette avgrensar
korrosjon og driftsskadar.
Dispensasjon gjer at tiltakshavar kan gjennomføre eit praktisk og samfunnsnyttig tiltak utan
langvarig planendringsprosess.
Løysinga støttar opp under ei effektiv etablering av næringsverksemd i området og bidreg til
betre logistikkfunksjonar.
Ulempene ved å fråvike materialnemninga i § 2.1 vert vurderte som avgrensa, og saka
skapar ikkje ein uheldig presedens då vurderinga er tett knytt til byggets funksjon, plassering
og fargeval.
3. Vurdering av fjernverknad og turdrag
Utvalet har vurdert påverknaden mot naturstien og turdraget i nærområdet.
Den grå og dempa fargebruken, låg byggehøgde og avstand til turdraget medfører at tiltaket
ikkje i vesentleg grad svekkjer opplevinga av landskapet.
Konklusjon
Samla sett finn utvalet at lovens vilkår for dispensasjon er oppfylte:
Omsyna bak reguleringsføresegna vert ikkje vesentleg tilsidesett, og
fordelane er klart større enn ulempene.
Klagen vert derfor teken til følgje og dispensasjon vert innvilga.
Utfall: vedteke · Presisjon: samroystes
Ingen partifordeling registrert — sjå råteksten under.