Eit saksframlegg er det som vart lagt fram, ikkje vedtaket — kva utvalet
gjorde med det, står under.
Vi attgjev ikkje innhaldet: vi har berre registrert kva ord som står i
dokumentet, so det kan søkjast fram.
Framlegg 1
vedtekeLeif Taule-SP
Vis heile framlegget
Klage på avslag dispensasjon og søknad - 147/5 - Skarsvegen 476 - deling
Klagen i frå tiltakshavar på avslag dispensasjon LNF-føremål og deling, datert 29.01.2026,
vert teken til følgje.
Alver kommune gjev dispensasjon frå LNF-føremål for frådeling av ny bustadtomt på om lag
1000 m2 frå gbnr 147/5.
Vedtaket har heimel i plan- og bygningslova § 19-2.
Heimel for vedtaket er forvaltningslova § 33.
Grunngjeving:
Utval for areal, plan og miljø legg stor vekt på at landbruksmyndigheta ikkje har særlige
innvendingar til frådelinga fordi tiltaket
- ikkje vil svekka arealressursane på garden
- ikkje er til hinder for landbruksdrifta
- ikkje berører dyrka eller dyrkbar jord
- ligg for seg sjølv inntil andre bustadtomter i eit skogsområde der både plassering og
bonitet tilseier at frådeling ikkje får særleg uheldige utslag
Det er ingen særlege friluftsinteresser for ålmenta i det aktuelle området for tomta.
For utvalet vert det også lagt stor vekt på at det er viktig å oppretthalda og «vedlikehalda»
busetnaden i dei ytre krinsane av Alversund. Det er lite tilgjengelege tomter utover i desse
bygdene som relativt raskt kan vera byggjeklare. Det er difor viktig å nytta moglege tomter
som eignar seg for busetnad.
Utfall: vedteke · Presisjon: samroystes
Ingen partifordeling registrert — sjå råteksten under.