Henta frå Alver sine offentlege møteprotokollar og strukturert
med KI. Feil kan førekome.
Korleis dette er laga
PS 27/26 Klage på avslag på søknad om dispensasjon frå arealføremålet LNF og byggjeforbodet langs sjø for oppføring av naust - gbnr. 486/39 Vetåsvegen 173
Eit saksframlegg er det som vart lagt fram, ikkje vedtaket — kva utvalet
gjorde med det, står under.
Vi attgjev ikkje innhaldet: vi har berre registrert kva ord som står i
dokumentet, so det kan søkjast fram.
Framlegg 1
7–4 · vedtekeNina S. Øvreås-FRP
Vis heile framlegget
Klage på avslag på søknad om dispensasjon frå arealføremålet LNF og byggjeforbodet langs
sjø for oppføring av naust - gbnr. 486/28
Vetåsvegen 173
Klagen i frå tiltakshavar på avslag på dispensasjon, datert 04.02.2026, vert teken til følgje, og
vedtaket vert som følgjer:
Alver kommune gjev dispensasjon frå arealføremålet LNF og byggjeforbodet
langs sjø, pbl § 1-8, for oppføring av naust på eigedom gbnr 486/28.
Grunngjeving:
- tomta er allereie planert og opparbeida for føremålet
- tilsvarande areal i nord og aust er også opparbeidd og bebygd frå før
- areal er lite aktuelt for årmenn ferdsel og friluftsliv då fritidseigedomen allereie er
opparbeidd og bebygd og denne går heilt til sjø og til grense mot nausttomta
- strandsona sør for tomta er svært bratt og lite eigna for ferdsel
- området er allereie privatisert og dagens situasjon vil slik sett bli vidareføre
- naustet er tenkt plassert langt inn på tomta
- naturinteressene vert i liten grad berørt då tomta alt er opparbeidd
- tiltaket gir ikkje nevneverdig endring i landskapsbiletet då det er plassert i direkte
tilknyting til bebygd eigedom
- den arealbruk som har vore føresett i ca 50 år og som ligg som eit sår i terrenget etter
utsprenging og planering, vert realisert
- landbruksinteressene vert ikkje råka av tiltaket
Vedtaket er fatta med heimel i plan- og bygningslova § 19-2.»
Framlegget vart vedteke med 7 røyster ( Nina S. Øvreås-FRP, Oddvar Øvreås-FRP, Yngve
Walaker-FRP, Olav Myhr-KRF, Wilfred Berthelsen-VIP, Audun Sylta-H, Kenneth T Murberg-
SP), mot 4 røyster