Eit saksframlegg er det som vart lagt fram, ikkje vedtaket — kva utvalet
gjorde med det, står under.
Vi attgjev ikkje innhaldet: vi har berre registrert kva ord som står i
dokumentet, so det kan søkjast fram.
Framlegg 1
10–1 · vedtekeKenneth T Murberg-SP
Vis heile framlegget
Utval for Areal, Plan og Miljø har vore på synfaring den 15.4.2026 for å vurdere saka nærare.
Utvalet har vurdert om omsyna som ligg bak føresegna det dispenserast i frå, ikkje vert
vesentleg tilsidesett.
Utvalet ser ikkje at området ligg i eit pressområde, eller blir etablert på ein slik måte at det
er til hindre for allmennheita. Snarare er området per i dag god tilgjengeleg, lagt til rette, og
brukt av allmennheita. Grøne strukturar er godt ivareteke, og er litt av «essensen» i verdien
i området og eigendommane.
Naustetomten ligg i ei naturlig «grop» som ikkje er komme som følgje av naturinngrep,
tomta er slik sett naturlig "planert og opparbeida". Det er bratt rundt gropa, og for andre
praktiske høve burde sikring vore vurdert.
Ein finn difor at eit naust fell naturlig inn i terrenget, og samtidig bidreg til å sikre gropa.
Inngrepet vil ikkje innebere naturinngrep, ut over sjølve bygginga. Tiltaket vil heller ikkje
forringe området med omsyn til «allmenn ferdsel». Snarare vert området meir tilgjengeleg.
Det ligg per i dag fleire hytter på rekke, med tilhøyrande naust. Bygging av naust på den
aktuelle tomten, vil slik sett bidra til at området blir meir heilskapleg. Likebehandling er også
eit moment i saka.
Området med bygningar er per i dag utforma slik ein oppfattar det, at dei tek omsyn til
allmenn ferdsel, natur og miljø. Framkomst til området via land, er på naturstiar. Dette
inneber at behov for større tilgang via sjø, i tilfelle sjukdom, frakt av varer og andre
vedlikehaldsbehov i området.
Utvalet er opptatt av ei streng og langsiktig strandsoneforvaltning, men finn ikkje at saka i
sin heilskap, utfordrar ei streng praksis av strandsoneforvaltninga.
Utvalet finn difor at fordeler er vesentleg større enn ulempene.
Alver kommune tek klage til følgje, og godkjenner søknad om dispensasjon rå
arealføremålet LNF og byggeforbodet langs sjø, jfr. PBL. 1-8, for oppføring av naust på gnbr.
341/72
Vedtaket er heimla i PBL §19-2 med fylgjande vilkår:
· Naustet skal byggjast utan ytterleg naturinngrep.
Framlegget vart vedteke med 10 røyster for (Kenneth T Murberg-SP, Leif Taule-SP, Olav
Steinar Namtvedt-SP, Leif Johnsen-MDG, Audun Sylta-H, Wilfred Berthelsen-VIP, Olav Myhr-
KRF, Yngve Walaker-FRP, Oddvar Øvreås-FRP, Nina S.Øvreås-FRP), mot 1 røyst