Eit saksframlegg er det som vart lagt fram, ikkje vedtaket — kva utvalet
gjorde med det, står under.
Vi attgjev ikkje innhaldet: vi har berre registrert kva ord som står i
dokumentet, so det kan søkjast fram.
Framlegg 1
vedtekeG.Nilssen-INP
Vis heile framlegget
Utvalg for næring kultur og idrett har følgende uttale i saken;
• Alver kommune skal snarast følgja opp vedtaket i KO 33-24 “Kjernekraft i Alver - vidare prosess kring utgreiing” og starta på prosessen mot konsekvensutgreiing for kjernekraft i Alver.
• Alver kommune skal i dialog med Austrheim kommune for å formalisere eit samarbeid om kunnskapsgrunnlaget og utgreiinga som gjeld kjernekraft på Mongstad. Kommunestyret ber om at kommunedirektøren kjem tilbake med sak kring dette.
• Kommunedirektøren skal halda Utval for næring, kultur og idrett og formannskapet orientert om utgreiinga som gjeld kjernekraft på Mongstad, som den koreanske stat nyleg har gjeve tilskot til.
• Alver kommune skal melde seg inn i “Norske kjernekraftkommuner”. Kostnaden vert dekka av disposisjonsfondet.
• Kommunedirektøren skal informera Utval for næring, kultur og idrett og formannskapet jamleg om utviklinga og mogelegheitene som kjem fram gjennom medlemsskapet i “Norske kjernekraftkommuner”.
Utvalget ber vidare om at kommunedirektøren umiddelbart starter arbeidet i sak KO 33/24 ved å;
• Etablera en rekkefølgjeplan for aktiviteter i prosjektet
• Etablera eit kostnadsbudsjett for aktivitetar i prosjektet, slik at det kan takast med i kommunebudsjettet for 2025
Utfall: vedteke · Presisjon: samroystes
Ingen partifordeling registrert — sjå råteksten under.