Eit saksframlegg er det som vart lagt fram, ikkje vedtaket — kva utvalet
gjorde med det, står under.
Vi attgjev ikkje innhaldet: vi har berre registrert kva ord som står i
dokumentet, so det kan søkjast fram.
Framlegg 1
9–2 · vedtekeI.Fjeldsbø-H
Vis heile framlegget
1. Eigedommen kan avhendast før eventuell omregulering av arealføremålet.
2. Det er ikkje naudsynt med eigen moglegheitsstudie for å vurdere om bygningsmassen kan nyttast til andre offentlege føremål.
3. Alver Kommune sel bygningsmassen med tilhøyrande uteområde på Myking Skule til Myking Bygdelag Trivselgrenda for kr1.- Alver kommune tek kostnadane ved overdraginga. Alver kommune skal ikkje ha verken drifts- eller vedlikehaldsutgifter med bygga etter ei eventuell overdraging. Skulen vert overteke så snart det er mogeleg etter skuleslutt juni 2025.
4. Alt materiell og utstyr som har vore i bruk på skulen dette skuleåret skal så langt mogeleg overtakast saman med bygningsmassen. Alver Kommune vil i tillegg vera behjelpeleg med naudsynt utstyr som trengs. Alver kommune skal ikkje ha utgifter til rydding eller reingjering.