Eit saksframlegg er det som vart lagt fram, ikkje vedtaket — kva utvalet
gjorde med det, står under.
Vi attgjev ikkje innhaldet: vi har berre registrert kva ord som står i
dokumentet, so det kan søkjast fram.
Framlegg 1
22–19 · vedtekeAP, SP, SV, VIP, R og MDG
Vis heile framlegget
1. Eigedommen kan avhendast før eventuell omregulering av arealføremålet.
2. Det er ikkje naudsynt med eigen moglegheitsstudie for å vurdere om bygningsmassen kan nyttast til andre offentlege føremål.
3. Alver kommunestyre sel Myking skule med tilhøyrande uteområde til Myking Bygdelag Trivselgrenda for 30 000 kr. Kommunen skal ha tinglyst forkjøpsrett på eiendommen.
4. Utstyr som kommunen ikkje har behov for til eiga drift, skal følgje med i overdraginga.
5. Utvendige leikeapparat på skuleplassen skal følgje med i overdraging.
Framlegget fekk 22 røyster (8 SP, 7 AP, 3 VIP, 2 SV, 1 R og 1 MDG), mot 19 røyster.
Framlegg 2
19–22 · faltKRF, H, V og FRP
Vis heile framlegget
1. Eigedommen kan avhendast før eventuell omregulering av arealføremålet.
2. Det er ikkje naudsynt med eigen moglegheitsstudie for å vurdere om bygningsmassen kan nyttast til andre offentlege føremål.
3. Alver Kommune sel bygningsmassen med tilhøyrande uteområde på Myking Skule til Myking Bygdelag Trivselgrenda for kr1.- Skulen vert overteke så snart det er mogeleg etter skuleslutt juni 2025.
4. Alt materiell og utstyr som har vore i bruk på skulen dette skuleåret, og som kommunen ikkje har trong for, skal overtakast saman med bygningsmassen.