Eit saksframlegg er det som vart lagt fram, ikkje vedtaket — kva utvalet
gjorde med det, står under.
Vi attgjev ikkje innhaldet: vi har berre registrert kva ord som står i
dokumentet, so det kan søkjast fram.
Framlegg 1
28–13 · vedtekeKRF, H, V og FRP ved S.Lavik-KRF
Vis heile framlegget
Sentrale postar - Auka frie inntekter til kommunane frå Stortinget i samband med statsbudsjettet: - - - - 16 000 16 000 16 000 16 000
Framlegget fekk 15 røyster og fall (8 SP, 3 VIP, 2 SV, 1 R og 1 MDG) mot 26 røyster.
Framlegg 3
4–37 · faltSV, R og MDG ved K.S.Sæthre-SV
Vis heile framlegget
4.9 Fjerne styrkingsressurs bemanning SFO — Tiltaksbeskriving: 4.9 Fjerne styrkingsressurs bemanning SFO. Tiltaket vil føre til at vi fjernar ekstra tildeling til SFO, knytt til tildeling av midlar for å styrkje grunnbemanning i SFO.. Endringsbeskriving: Beholde styrkingsresurs
4.5.Fjerne styrkingsressurs bemanning barnehagane — Tiltaksbeskriving: 4.5. Fjerne styrkingsressurs bemanning barnehagane. Tiltaket går ut på å fjerne tildeling til ekstra grunnbemanning i barnehage.. Endringsbeskriving: Beholde styrkingsressurs i barnehage
Redusere talet på kommunale barnehagar — Tiltaksbeskriving: Tiltaket er knytt til framlegg om å starte på fase 2 av barnehage- og skulebruksplanen vår 2026, med mogleg strukturendring som resultat. Grunna demografiutviklinga er det vurdert å vere behov for å starte denne prosessen i 2026.. Endringsbeskriving: Ikkje legge ned kommunale barnehagar i kommande økonomiplan
7.6 Redusere tilskudd kulturmidlar — Tiltaksbeskriving: Redusere tilskudd kulturmidlar. Endringsbeskriving: Kutt tas ut
7.15 Justere bibliotektilbodet — Tiltaksbeskriving: Justere bibliotektilbodet ved å ikkje gjenoppta bibliotekbussen og å redusere tilbodet ved Lindås bibliotek. Endringsbeskriving: Behalde bokbuss og bibliotek på Lindås
7.16 Justere tilbodet til Ung Alver — Tiltaksbeskriving: Justere tilbodet til Ung Alver. Endringsbeskriving: Behalde dagens tilbod
7.14 Justere tilbod i kulturskulen — Tiltaksbeskriving: Justere tilbod i kulturskulen. Endringsbeskriving: Behalde satsar og tilbod som det er i dag på kulturskulen
Redusere talet på kommunale barnehagar — Tiltaksbeskriving: Tiltaket er knytt til framlegg om å starte på fase 2 av barnehage- og skulebruksplanen vår 2026, med mogleg strukturendring som resultat. Grunna demografiutviklinga er det vurdert å vere behov for å starte denne prosessen i 2026.. Endringsbeskriving: Behalde dei kommunale barnehagane i kommunen
7.9 Justere prisstruktur på klippekort i Radøyhallen — Tiltaksbeskriving: Justere prisstruktur på klippekort i Radøyhallen. Endringsbeskriving: Behalde prisreduksjon ved klippekort i Radøyhallen
7.18 Justere aktiviteten i frivilligsentralane — Tiltaksbeskriving: Justere aktiviteten i frivilligsentralane. Endringsbeskriving: Oppretthalde dagens drift av frivilligsentralane
Framlegget fekk 4 røyster og fall (2 SV, 1 R og 1 MDG), mot 37 røyster.
Framlegg 4
28–13 · vedtekeKRF, H, V og FRP ved S.Lavik-KRF
Vis heile framlegget
Når det er trong for nye tenester, utviding av eksisterande tenester, utfordrande bemanningssituasjonar, eller andre økonomiske og kvalitative hensyn, skal kommunedirektøren vurdera om dette er noko ein kan setja ut til andre private eller ideelle aktørar, i staden for å auka den kommunale organisasjonen. Dette gjeld primært støttetenester.
Framlegget vart vedteke med 28 røyster, mot 13 røyster (7 AP, W.Berthelsen-VIP og R.Kleiven-VIP, 1 R, 2 SV og 1 MDG)
Framlegg 5
23–18 · vedtekeKRF, H, V og FRP ved S.Lavik-KRF
Vis heile framlegget
Kommunestyret bed om at kommunedirektøren gjer ei ny utgreiing av “Shell-tomten” i Knarvik. Energistasjonen har uttrykt ønskje om ei større tomt, og ein ser at kulturhus på nabotomta har blitt mindre aktuelt. Ein bed derfor om utgreiing av om ein kan tilby eit større areal til St1 i tilknyting til deira eksisterande tomt.
Framlegget vart vedteke med 23 røyster, mot 18 røyster (8 SP, A.Sylta-AP, K.I.Vangberg-AP, N.Bognøy-AP, S.Hauge-AP, T.M.Dyrkolbotn-AP, G.Nilssen-VIP, 2 SV, 1 R og 1 MDG).
Framlegg 6
27–14 · vedtekeKRF, H, V og FRP ved S.Lavik-KRF
Vis heile framlegget
Kommunedirektøren vert beden om å greie ut moglegheita for å tilsetje ein SLT-koordinator i Alver kommune. Utgreiinga skal mellom anna sjå på organisering, oppgåver, kostnader og gevinstar ved ei slik stilling. Det skal òg vurderast om det er mogleg og føremålstenleg å etablere eit interkommunalt samarbeid om SLT-koordinatorfunksjonen. Utgreiinga vert lagt fram for politisk handsaming.
Framlegget vart vedteke med 27 røyster, mot 14 røyster (7 AP, 3 VIP, 2 SV, 1 MDG og 1 R)
Framlegg 7
vedtekeP.I.F.Hopland-AP
Vis heile framlegget
Styrking lokaldemokrati:
Kommunestyret ønskjer å styrka lokaldemokratiet og dialogen med innbyggjara i Alver kommune. Det kan skje f.eks gjennom grendalag, velforeiningar, interesselag eller organisering av kontaktpunkt som tek vare på innbyggjarane våre. Det skal skje i Alver kommune gjennom årlege kontaktpunkt som ei fast ordning utanom dialogane ein inviterar til i samband med utarbeiding og høyringar av store planar.
Målet med møtepunkta er å leggja til rette for god dialog mellom kommune og innbyggjara, grendalag, velforeiningar, eller interesselag. På agenda kan ein sjå for seg at kommunen orienterar om kva prosjekt ein har i ulike grender i kommunen, og innbyggjarane gjennom sine lag eller kontaktpunkt informerar om området sine prosjekt, event behov, kva kan aktørane og kommune samarbeida om for å styrka lokalmiljøa. Lista er ikkje uttømmande.
Kommunedirektøren får i oppgåve å utarbeide eit forslag for korleis dette arbeidet kan gjeras og kommunestyret oppmodar kommunedirektør til å søka kunnskap om korleis andre kommunar har gjort liknade arbeid. Her kan Bømlo kommune vera eit døme.
Kommunedirektør informerar kommunestyret innan 2.tertial om arbeidet.
Utfall: vedteke · Presisjon: samroystes
Ingen partifordeling registrert — sjå råteksten under.
Kommunestyret ber kommunedirektøren å gjennomføre ein fullstendig gjennomgang av investeringsbudsjettet. Målet er å sikre reduksjon av investeringar i komande planperiode. Kommunestyret understrekar at alle investeringar som kan fjernast, skal fjernast, i framlegget Saka skal leggjast fram for kommunestyret på fyrste møte i 2026 for vedtak. Bestillinga inneber følgjande:
1. Gjennomgang av heile investeringsbudsjettet: Kommunedirektøren skal gå gjennom samtlige investeringspostar og prosjekt, utan å unnta nokon kategoriar.
2. Fjerning av alle ikkje-nødvendige investeringar: Alle investeringar som ikkje er absolutt nødvendige for å oppfylle lovpålagde krav eller for å oppretthalde heilt nødvendig og forsvarleg drift, skal takast ut.
3. Strengt nødvendigheitskrav: Investeringar kan vurderast vidareført dersom dei oppfyller alle følgjande vilkår:
- dei er lovpålagde,
- dei er uunngåelege for å sikre trygg og kontinuerleg drift, og
- dei er dokumenterte med ei klar, konkret og skriftleg begrunning for kvifor dei ikkje kan fjernast.
1. Avgrensing mot skjønsmessige argument: Kommunestyret presiserer at gjennomgangen skal inkludera prosjekt som ynskjast vidareført på grunnlag av ynskje, strategiske vurderingar, tidlegare planar, framtidige ambisjonar, signaleffektar eller liknande skjønsmessige argument. Kostnadsreduksjon skal vere einaste vurderingskriterium.
2. Rapportering: Kommunedirektøren skal leggje fram ei oversikt der kvar enkelt investeringspost er klassifisert som
- fjerna, eller
- kan ikkje fjernast (med nødvendigheitsgrunngiving i tråd med punkt 3).
Framlegget fekk 15 røyster og fall (8 SP, 3 VIP, 2 SV, 1 R og 1 MDG) mot 26 røyster.
Framlegg 9
34–7 · vedtekeT.Andvik-SP
Vis heile framlegget
I satsinga på lokalsentra er det skissert planar tre av dei fire lokalsentra; Lindås, Manger og Frekhaug. Kommunestyret ser det naturleg at det siste lokalsenteret; Ostereidet òg er inkludert. Kommunestyret ber om at Ostereidet vert arbeidd med på lik linje som dei tre andre, slik at alle lokalsentra i Alver får ein plan for utvikling.
Framlegget vart vedteke med 34 røyster, mot 7 røyster ( A.Hetlebakke-KRF, H.Henanger-H, I.Rambech-H, I.Fjeldsbø-H, N.M.Aadland-H, S.Nordal-H og S.Lavik-KRF)
Framlegg 10
24–17 · vedtekeT.Andvik-SP
Vis heile framlegget
Kommunestyret ber kommunedirektøren om å utgreia moglegheiter for betre samordning og meir effektiv organisering av tenester mellom regionsenteret Knarvik og lokalsenteret Frekhaug. Utgreiinga skal omfatta fleire alternative løysingar, der både kvalitet, nærleik til tenester og ressursbruk vert vurderte. Arbeidet skal skje i god dialog med tilsette, brukarar og lokalsamfunn, og kommunestyret ber om å få saka attende til politisk handsaming når utgreiinga er ferdig.
Framlegget vart vedteke med 24 røyster (8 SP, 7 AP, J.Byrknes-KRF, O.Myhr-KRF, Y.Walaker-FRP, G.Nilssen-VIP, W.Berthelsen-VIP, 2 SV, 1 R og 1 MDG), mot 17 røyster.
Framlegg 11
15–26 · faltT.Andvik-SP
Vis heile framlegget
Kommunestyret ber kommunedirektøren gjennomføra ei heilskapleg og grundig gjennomgang av kommunen sin organisasjonsstruktur. Arbeidet skal ta utgangspunkt i dei observasjonane som går fram av organisasjonskartet over leiarstruktur, og særleg vurdere følgjande forhold:
Det samla omfanget og kompleksiteten i organisasjonen, der særleg sektorane Helse og omsorg og Oppvekst har mange leiarnivå og parallelle strukturar. Dette gjev på den eine sida god detaljoversikt, men peikar òg på høg leiartettleik og mogelege overlapp i funksjonar.
Leiarstrukturen, som i dag omfattar fleire nivå frå kommunalsjef til tenesteleiar, einingsleiar, assisterande einingsleiar og avdelingsleiar. Kommunestyret ber om ei vurdering av om denne strukturen i tilstrekkeleg grad støttar tydelege ansvarslinjer, eller om han bidreg til fragmentering, utydeleg styring og høge administrasjonskostnadar.
Variasjonen i einingsstorleik og ressursbruk, der kartet viser store forskjellar mellom små einingar (t.d. kultur, plan, enkelte bustader) og svært store einingar (skular, heimetenester). Kommunestyret ber om ei vurdering av om denne variasjonen speglar reelle behov, eller om den indikerer potensial for samanslåingar, meir robuste fagmiljø eller meir føremålstenleg bruk av leiingsressursar.
Særleg komplekse område som Brann og redning og Habiliteringstenesta, der organiseringa i dag er fragmentert, har mange leiarfunksjonar og består av mange små driftsmiljø. Kommunestyret ber om ei vurdering av om desse områda kan organiserast meir effektivt.
Kommunestyret ber om at kommunedirektøren legg fram ei samla utgreiing for alle sektorar i organisasjonen med alternativ, konsekvensar og tilrådingar innan fyrste tertialrapport 2026.
Framlegget fekk 15 røyster og fall 8 SP, 3 VIP, 2 SV, 1 R og 1 MDG) mot 26 røyster.
Framlegg 12
15–26 · faltT.Andvik-SP
Vis heile framlegget
Kommunestyret innfører ein mellombels restriktiv praksis for nye investeringar. Hovudregelen skal vera at nye investeringsprosjekt ikkje vert sette i gong i perioden, men at unntak kan gjerast der særlege omsyn tilseier det. Slike unntak skal vurderast nøye og grunngjevast særskilt, og nivået for godkjenning skal liggja høgt. Kommunedirektøren vert beden om å leggja fram forslag til korleis ordninga skal praktiserast og følgjast opp.
Framlegget fekk 15 røyster og fall 8 SP, 3 VIP, 2 SV, 1 R og 1 MDG) mot 26 røyster.
Framlegg 13
17–24 · faltT.Andvik-SP
Vis heile framlegget
Kommunestyret innfører ein mellombels restriktiv praksis for nye tilsetjingar. Hovudregelen skal vera at nye stillingar ikkje vert fylte, men at unntak kan gjerast der særlege grunnar tilseier det. Slike unntak skal grunngjevast særskilt, og nivået for godkjenning skal liggja høgt. Kommunedirektøren vert beden om å utarbeida nærare retningsliner for praktiseringa av ordninga.
Framlegget fekk 17 røyster og fall 8 SP, 3 VIP, 2 SV, N.Øvreås-FRP, 1 UAVH., 1 R og 1 MDG) mot 24 røyster.
Framlegg 14
15–26 · faltT.Andvik-SP
Vis heile framlegget
Før ein ny investering godkjennast, skal det foreligge ein detaljert vedlikeholdsplan som viser korleis eksisterande anlegg, maskiner eller infrastruktur kan oppretthaldast.
Dersom kostnaden for eit adekvat vedlikehald er mindre enn kostnaden for den foreslåtte investeringen, skal investeringen avvisast.
Vedlikehaldsplanen må innehalde konkrete tiltak, tidsrammer, ansvarspersonar og estimerte driftskostnader, samt dokumentasjon på at desse tiltaka vil hindre behovet for nyinvestering.
Eventuelle investeringar som kun er tenkt som erstatning for mangelfullt vedlikehald, skal klassifiserast som kan ikkje fjernast berre dersom vedlikehaldet er vist å vere teknisk umogleg eller økonomisk urimeleg.
Framlegget fekk 15 røyster og fall 8 SP, 3 VIP, 2 SV, 1 R og 1 MDG) mot 26 røyster.
Framlegg 15
27–14 · vedtekeT.Andvik-SP
Vis heile framlegget
1. Kommunestyret ber kommunedirektøren søkje på alle tilgjengelege midlar gjennom den statlege tilskotsordninga for styrka bemanning i barnehage for 2026. Kommunedirektøren skal sørgje for at kommunen stiller med nødvendig dokumentasjon og gjennomfører ein proaktiv søknadsprosess for å maksimere sjansen for tildeling.
2. Kommunestyret legg til grunn at kommunen skal nytte dei statlege tilskotsmidlane som finansiering av styrkingstiltak i barnehagesektoren i 2026. På denne bakgrunn blir delar av kommunen sine planlagde styrkingsmidlar til barnehage tekne ut av budsjettframlegget, med mål om at desse tiltaka i staden blir finansierte gjennom tilskotsordninga.
3. Dersom kommunen ikkje får fullt tilslag på søknaden, skal kommunedirektøren kome tilbake til kommunestyret med framlegg til korleis eventuelle restbehov kan dekkjast innanfor ordinære rammer eller ved justeringar i budsjettet.
Framlegget vart vedteke med 27 røyster, mot 14 røyster (6 KRF, H.Henanger-H, I.Rambech-H, N.M.Aadland-H, S.Røskeland-H, S.Nordal-H, M.A.Mostraum-FRP, T.Øvretveit-FRP og T.Helland-FRP)