Henta frå Alver sine offentlege møteprotokollar og strukturert
med KI. Feil kan førekome.
Korleis dette er laga
Same arkivnummer går att i 2 handsaming(ar). Tittelen og
utfallet under er attgitt slik dei står i kvar einskild protokoll for seg — dei kan
skilje seg frå kvarandre mellom møta, og sida vel ikkje éi av dei som «rette» tittel.
PS 92/24
Utval for areal, plan og miljø · 2024-09-04
Klage på dispensasjon for etablering av naust, kai og flytebryggje - gbnr 1/189 Flatøy - Hjelten 37
Framlegg 1
vedteke
Kenneth T. Murberg-UAVH
Vis heile framlegget
- Forslag til vedtak – med oppretthelding av vedtak om dispensasjon for flytebrygge og kai,
- samt avslag til naust:
- Utval for areal, plan og miljø handsama saka i møte den 04.09.2024, under sak 2023/10030,
- og fatta følgjande vedtak:
- Klage datert 16.05.2024 blir teke delvis til følgje.
- Med heimel i forvaltningslova § 33 andre ledd vert vedtak av 17.04.2024, oppheva.
- Med heimel i plan- og bygningslova § 19-2 innvilger utvalet dispensasjon frå byggjegrense
- mot sjø og gjeldande arealformål for oppføring av kai og flytebryggje, jf. 1-8, jf. § 12-4 andre
- ledd, jf. § 11-6 andre ledd. Det blir satt følgjande vilkår for dispensasjon:
- Flytebryggja må reduserast til 15 m2 og med maksimal breidde på 3 meter, jf.
- kommunedelplan for Meland pkt. 1.6.8. Dette ref. Vedtak fatta 17.04.24 i APM.
- Utvalet gir ikkje dispensasjon for oppføring av naust, då eit slikt tiltak bør inn i arealplan.
- Før administrasjonen handsamer søknad om tiltak etter plan- og bygningslova kapittel 20
- må det sendast inn reviderte teikningar og kart i samsvar med pkt. 3 over.
- Grunngjeving:
- Tiltaket er i strid med gjeldande arealformål og byggegrense mot sjø og krev dispensasjon,
- jf. plan- og bygningslova (pbl) § 19-2 andre ledd.
- Omsyna bak arealformålet jordbruk/skogbruk på land er å ivareta arealet til dette formålet.
- Formålet bruk og vern av sjø og vassdrag er satt for å sikre areal til fiske og friluftsliv.
- Omsyna bak byggeforbodet mot sjø er å ivareta natur- og kulturmiljø, friluftsliv, landskap og
- ålmenta sine interesser i strandsona.
- I skyldskifte frå 1968 står det at arealet på land ikkje har verdi for jordbruk/skogbruk, og
- arealet består av lause steinmasser, bratt skråning og små busker/tre.
- Hadde området vore uregulert, men satt av til same formål på land og i sjø, kunne
- tiltakshavar ha oppført ei felles brygge med nabo på inntil 15 m2 og med maksimal breidde
- på 3 meter. Dette føl av pkt. 1.6.8 til kommunedelplan for Meland. Tiltakshavar har
- dokumentert at omsøkt flytebryggje skal oppførast som fellestiltak med Hjelten 33 (gbnr.
- 1/187). Dette ref. Vedtak i APM datert 17.04.24
- I tillegg er tiltaka omsøkt plassert på areal som er utilgjengeleg for ålmenta. Det er bratt og
- ulendt, og einaste tilkomsten er via tiltakshavar sin hage. I tillegg er naboeigedomen bebygd
- med tilsvarande tiltak. Arealet er dermed ikkje ubygd.
- Det er ein naturleg utviding av alt eksisterande kaifront og fullføring av område langs.
- Tilgjengelighet og spesielt sikkerhet for både tiltakshaver og ålmenta ved ilandstigning frå
- sjø er særs viktig. Tiltaket vil bidra til at området blir betydelig tryggare å ferdes i.
- Arbeidet skal ikkje gjennomførast i gyteperioden til torsk eller anna fiskestamme i området.
- Med grunnlag i dette finn utval for areal, plan og miljø at omsyna bak arealformål og
- byggegrense mot sjø ikkje blir vesentleg sett til side, jf. pbl § 19-2 andre ledd.
- Vidare ser utvalet at det ligg føre klare fordeler som tilseier at det skal gis dispensasjon.
- Storleiken på omsøkt flytebryggje kan til ei viss grad få negativ betyding for ferdsel i sjø.
- Ulempa vert redusert ved at det blir stilt krav om endra storleik på flytebryggja i samsvar
- med pkt. 1.6.8 til kommunedelplan for Meland. Dette ref. vedtak vedtatt i APM datert
- 17.04.2024.
- Når det gjeld kaien så har utvalet vore på synfaring og ser at denne kan oppførast utan store
- terrenginngrep. Det same gjeld for flytebryggja. Når det gjeld naustet så vil dette medføre
- ein del terrenginngrep. Dette er tiltak utvalet ønsker å sjå i tilknytning til ny arealplan.
- Tiltakshavar informerer også om at naust ikkje er mest kritisk mtp tryggleik og tilkomst til
- sjø. Av desse grunnane meiner utvalet at avslag datert 26.01.2024 skal oppretthaldast for
- naustet sin del.
- Slik utvalet ser det er ikkje arealet tilgjengeleg for ålmenta frå land, då einaste tilkomst er
- via tiltakshavar sin hage. Tilkomst frå sjø er ikkje aktuelt då det er steinete, ulendt og grundt
- i sjø. Det er difor vanskeleg å komme til med båt utan omsøkte tiltak.
- Vidare er det ein fordel at bustaden på eigedomen kan gjere seg nytte av ein trygg tilkomst
- til og frå sjø med båt. Alternativet er eit utrygt båtfeste, som han har rett på å etablere utan
- søknad.
- Omsøkt kai og flytebryggje skal også vere eit fellestiltak med nabo, slik at fleire kan nytte seg
- at ein trygg tilkomst til sjøen.
- Med grunnlag i dette finn utvalet at fordelane ved å gi dispensasjon er klart større enn
- ulempene, jf. pbl § 19-2 andre ledd.
- Utval for areal, plan og miljø gir med grunnlag i dette dispensasjon frå arealformål og frå
- byggegrense mot sjø for oppføring av kai og flytebryggje, jf. pbl § 19-2 andre ledd, jf. § 11-6
- andre ledd, jf. § 12-4 andre ledd, jf. § 1-8 andre ledd.
Utfall: vedteke · Presisjon: samroystes
Ingen partifordeling registrert — sjå råteksten under.
Råtekst frå protokollen:
protokollen (PDF)
Framlegget vart samrøystes vedteke.
Votering — falt
Utfall: falt · Presisjon: blanda
· for: 0
Ingen partifordeling registrert — sjå råteksten under.
Råtekst frå protokollen:
protokollen (PDF)
Kommunedirekøren sitt framlegg fekk ingen røyster og fall.
– · Sjå heile saklistesaka →
PS 123/24
Utval for areal, plan og miljø · 2024-11-13
Klage på vedtak om dispensasjon for oppføring av naust med kaifront og flytebryggje - gbnr 1/189 Flatøy
Framlegg 1
vedteke
ukjend
Klagen ifrå Statsforvaltaren i Vestland i sak 2023/10030, datert 09.10.2024, vert ikkje tatt til følgje og vedtaket av 04.09.2024 vert oppretthalden.
Utfall: vedteke · Presisjon: samroystes
Ingen partifordeling registrert — sjå råteksten under.
Råtekst frå protokollen:
protokollen (PDF)
Framlegget vart samrøystes vedteke.
Votering — falt
Utfall: falt · Presisjon: samroystes
· for: 0
Ingen partifordeling registrert — sjå råteksten under.
Råtekst frå protokollen:
protokollen (PDF)
Kommunedirektøren sitt framlegg til vedtak fekk ingen røyster og fall.
– · Sjå heile saklistesaka →