Henta frå Alver sine offentlege møteprotokollar og strukturert
med KI. Feil kan førekome.
Korleis dette er laga
Same arkivnummer går att i 2 handsaming(ar). Tittelen og
utfallet under er attgitt slik dei står i kvar einskild protokoll for seg — dei kan
skilje seg frå kvarandre mellom møta, og sida vel ikkje éi av dei som «rette» tittel.
PS 34/25
Utval for areal, plan og miljø · 2025-03-26
Klage på avslag på søknad om dispensasjon frå LNF-føremålet og pbl. § 1-8 samt løyve til oppretting av ny grunneigedom til fritidsbustad - gbnr 338/3 Ådlandsvegen
Framlegg 1
vedteke
Ståle J Hauge-AP
Vis heile framlegget
- 1. Vedtak:
- Alver kommune tar klagen til følgje og gjev dispensasjon frå LNF-føremålet i
- kommunedelplan for tidlegare Meland og frå byggje- og deleforbodet i strandsona etter
- plan- og bygningslova § 1-8. Det vert òg gjeve løyve til oppretting av ny grunneigedom frå
- gbnr. 338/3 på om lag 1200 m² til fritidsbustad.
- Vilkår
- Tiltaket skal gjennomførast med mål om mest mogleg tilpassing til terrenget som skal sikra
- estetisk og miljømessig tilpassing til området.
- Tilkomst og infrastruktur skal løysast utan vesentlege ulemper for allmenn ferdsel og
- landskapsverdiar.
- Grunngjeving:
- Etter ei heilskapleg vurdering finn Areal- Plan og Miljøutvalet at omsyna bak det aktuelle
- LNF-formålet og byggje- og deleforbodet i strandsona ikkje vert vesentleg sett til side, og at
- fordelane ved dispensasjonen klart overstig eventuelle ulemper. Vedtaket byggjer på
- følgjande vurderingar:
- Eksisterande strukturar og arealbruk
- Omsøkt tomt ligg i eit område med etablert fritidsbebyggelse, der det frå før finst fleire
- fritidsbustader i umidelbar nærleik til tiltaket. Dispensasjonen vil difor ikkje representere ein
- ny type inngrep i området, men snarare ein tilpassing til eksisterande bruk og fortetting av
- alt areal bruk til fritdsbustader.
- Infrastruktur
- Det ligg føre tillatelse for utvida bruk utvida bruk av avkøyrsle er klarert med Vestland fylkes
- kommune, men med vilkår.
- Avgrensa påverknad på strandsona
- Tiltaket er lokalisert om lag 40 meter frå sjøen, noko som inneber at det ikkje direkte
- påverkar allmenn ferdsel eller tilkomst til strandsona. Det er heller ikkje venta at tiltaket vil
- skape vesentlege negative konsekvensar for miljø eller landskapsbilete. Ådlandsvågen er alt
- nedbygd hytter og naust, tiltaket vil ikkje vere synleg frå Radfjorden da eit høgde drag som
- alt er bebygd med fritidsbustader ligg mellom tiltaket og Radfjorden.
- Avbøtande tiltak
- Tiltaket skal gjennomførast med mål om mest mogleg tilpassing til terrenget som skal sikra
- estetisk og miljømessig tilpassing til området. Dette kan inkluderast som vilkår for
- dispensasjonen.
- Dispensasjon frå jordlova
- Det ligg føre løyve til frådeling etter jordlova § 12, datert 04.09.2024 i sak 2024/9303, noko
- som gjer at tiltaket ikkje vil svekke landbruksinteressene i området. Heller ikkje på
- skogsdrift.
- Sjølv om Statsforvaltaren i Vestland har frårådd dispensasjon, meinerAPM at omsyna bak
- plan- og bygningslova § 1-8 ikkje vert vesentleg tilsidesett i denne saka, og at tiltaket kan
- gjennomførast utan å redusere strandsoneverdiane i vesentleg grad.
Utfall: vedteke · Presisjon: samroystes
Ingen partifordeling registrert — sjå råteksten under.
Råtekst frå protokollen:
protokollen (PDF)
Framlegget vart samrøystes vedteke.
Votering — falt
Utfall: falt · Presisjon: samroystes
· for: 0
Ingen partifordeling registrert — sjå råteksten under.
Råtekst frå protokollen:
protokollen (PDF)
Kommunedirektøren sitt framlegg fekk ingen røyst og fall.
– · Sjå heile saklistesaka →
PS 67/25
Utval for areal, plan og miljø · 2025-06-04
Klage på dispensasjon frå LNF-føremålet og pbl. § 1-8 samt løyve til oppretting av ny grunneigedom til fritidsbustad - gbnr 338/3 Ådlandsvegen
Framlegg 1
vedteke
Ståle J Hauge-AP
Utval for areal, plan og miljø opprettheldt vedtak - 26.03.2025:
Utfall: vedteke · Presisjon: samroystes
Ingen partifordeling registrert — sjå råteksten under.
Råtekst frå protokollen:
protokollen (PDF)
Framlegget vart samrøystes vedteke.
Votering — falt
Utfall: falt · Presisjon: blanda
· for: 0
Ingen partifordeling registrert — sjå råteksten under.
Råtekst frå protokollen:
protokollen (PDF)
Kommunedirektøren sitt framlegg til vedtak fekk ingen røyst og fall.
– · Sjå heile saklistesaka →