Henta frå Alver sine offentlege møteprotokollar og strukturert
med KI. Feil kan førekome.
Korleis dette er laga
PS 34/25 Klage på avslag på søknad om dispensasjon frå LNF-føremålet og pbl. § 1-8 samt løyve til oppretting av ny grunneigedom til fritidsbustad - gbnr 338/3 Ådlandsvegen
Eit saksframlegg er det som vart lagt fram, ikkje vedtaket — kva utvalet
gjorde med det, står under.
Vi attgjev ikkje innhaldet: vi har berre registrert kva ord som står i
dokumentet, so det kan søkjast fram.
Framlegg 1
vedtekeStåle J Hauge-AP
Vis heile framlegget
1. Vedtak:
Alver kommune tar klagen til følgje og gjev dispensasjon frå LNF-føremålet i
kommunedelplan for tidlegare Meland og frå byggje- og deleforbodet i strandsona etter
plan- og bygningslova § 1-8. Det vert òg gjeve løyve til oppretting av ny grunneigedom frå
gbnr. 338/3 på om lag 1200 m² til fritidsbustad.
Vilkår
Tiltaket skal gjennomførast med mål om mest mogleg tilpassing til terrenget som skal sikra
estetisk og miljømessig tilpassing til området.
Tilkomst og infrastruktur skal løysast utan vesentlege ulemper for allmenn ferdsel og
landskapsverdiar.
Grunngjeving:
Etter ei heilskapleg vurdering finn Areal- Plan og Miljøutvalet at omsyna bak det aktuelle
LNF-formålet og byggje- og deleforbodet i strandsona ikkje vert vesentleg sett til side, og at
fordelane ved dispensasjonen klart overstig eventuelle ulemper. Vedtaket byggjer på
følgjande vurderingar:
Eksisterande strukturar og arealbruk
Omsøkt tomt ligg i eit område med etablert fritidsbebyggelse, der det frå før finst fleire
fritidsbustader i umidelbar nærleik til tiltaket. Dispensasjonen vil difor ikkje representere ein
ny type inngrep i området, men snarare ein tilpassing til eksisterande bruk og fortetting av
alt areal bruk til fritdsbustader.
Infrastruktur
Det ligg føre tillatelse for utvida bruk utvida bruk av avkøyrsle er klarert med Vestland fylkes
kommune, men med vilkår.
Avgrensa påverknad på strandsona
Tiltaket er lokalisert om lag 40 meter frå sjøen, noko som inneber at det ikkje direkte
påverkar allmenn ferdsel eller tilkomst til strandsona. Det er heller ikkje venta at tiltaket vil
skape vesentlege negative konsekvensar for miljø eller landskapsbilete. Ådlandsvågen er alt
nedbygd hytter og naust, tiltaket vil ikkje vere synleg frå Radfjorden da eit høgde drag som
alt er bebygd med fritidsbustader ligg mellom tiltaket og Radfjorden.
Avbøtande tiltak
Tiltaket skal gjennomførast med mål om mest mogleg tilpassing til terrenget som skal sikra
estetisk og miljømessig tilpassing til området. Dette kan inkluderast som vilkår for
dispensasjonen.
Dispensasjon frå jordlova
Det ligg føre løyve til frådeling etter jordlova § 12, datert 04.09.2024 i sak 2024/9303, noko
som gjer at tiltaket ikkje vil svekke landbruksinteressene i området. Heller ikkje på
skogsdrift.
Sjølv om Statsforvaltaren i Vestland har frårådd dispensasjon, meinerAPM at omsyna bak
plan- og bygningslova § 1-8 ikkje vert vesentleg tilsidesett i denne saka, og at tiltaket kan
gjennomførast utan å redusere strandsoneverdiane i vesentleg grad.
Utfall: vedteke · Presisjon: samroystes
Ingen partifordeling registrert — sjå råteksten under.