Henta frå Alver sine offentlege møteprotokollar og strukturert med KI. Feil kan førekome. Korleis dette er laga

Saksgangen for arkivsak 24/6962

Same arkivnummer går att i 2 handsaming(ar). Tittelen og utfallet under er attgitt slik dei står i kvar einskild protokoll for seg — dei kan skilje seg frå kvarandre mellom møta, og sida vel ikkje éi av dei som «rette» tittel.

PS 107/24

Utval for areal, plan og miljø · 2024-10-16

Klage på avslag på søknad om frådeling av våningshus med 2,4 daa tomt etter jordlova – gbnr 423/11 Marøy

Framlegg 1

vedteke H.Fyllingsnes-H

Saken blir utsatt og administrasjonen kaller inn til synfaring.

Utfall: vedteke · Presisjon: samroystes

Ingen partifordeling registrert — sjå råteksten under.

Råtekst frå protokollen: protokollen (PDF)

Framlegget vart samrøystes vedteke.

· Sjå heile saklistesaka →

PS 117/24

Utval for areal, plan og miljø · 2024-11-13

Klage på avslag på søknad om frådeling av våningshus med 2,4 daa tomt etter jordlova – gbnr 423/11 Marøy

Framlegg 1

vedteke ukjend
Vis heile framlegget
  • Klagen frå tiltakshavar i sak 2024/6962, datert 03.07.2024, vert teke til følgje. På bakgrunn av jordlova § 12 godkjenner Alver kommune søknad på fradeling av våningshus med 2,4 daa tomt på gnr. 423, bnr. 11.
  • Grunngjeving: Våningshuset som ønskes fradelt fra det øvrige bruket er plassert i enden av felles gårdsvei. Det gjør at gårdstrafikk med gårdsmaskiner o.l. ikke vil passere gjennom tunet til dagens våningshus (som skal skilles ifra hovedbruket).
  • Videre er driftsbygningen liten og dersom det skal opprettes normal gårdsdrift må det mest sannsynlig bygges ny driftsbygning. Det vil i så fall være hensiktsmessig å plassere det lengre vekk fra det fradelte våningshuset.
  • Dagens våningshus med fradelt eigedom vert bustadeigedom.
  • Gbnr 423/83 er bustadeigedom med bustadhus. Denne eigedomen skal førast saman med dagens landbrukseigedom og hovudbruk – gbnr 423/11. Arealet, som skal byttast, er om lag lik i storleik. I praksis er dette eit makebytte (bytte av areal mot eit anna areal). Formålet med tiltaket er at nåværende eigarar kan halde fram med å bu i våningshuset, medan eit av borna tek over hovudbruket. Vedkomande som skal ta over bnr. 11, bur i dag på tomt som i si tid vart delt frå nabobruket. Over ei avgrensa lengde grensar denne tomta inn til gnr. 423, bnr. 11 ved innkøyringa til bnr. 11.
  • APM legg til grunn at denne tomta skal førast saman med hovudbruket.
  • Det dyrka arealet på den omsøkte tomta som skal fradelast er av slett kvalitet og har ikkje pårekneleg verdi som jordbruksareal i framtida, jfr jordlova §12, 2.ledd
  • Delinga, eller makebyte, som det er lagt opp til, legg til rette for vidare drift av bruket. Etter Alver kommune sitt syn vil det føra til ei driftsmessig god løysing.
  • Med det driftsopplegg som er pårekneleg for ein landbrukseigedom av denne storleik vil delinga såleis ikkje medføra drifts- eller miljømessige ulemper for landbruket i området. Det vil tverrt om vera ei føremon at jordbruksarealet på bruket vert nytta betre enn det er i dag, jfr jordlovens § 12, 3.ledd.
  • Delinga vil vidare ivareta busetjinga i området, noko som er i tråd med måla i Samfunnsplanen for Alver kommune, jfr jordlova § 12 , 4.ledd
  • Etter ei samla vurdering vil Utval for areal, plan og miljø såleis meina at denne delinga(makebyte) vil føra til betre vern av ressursane i området, vera ei driftsmessig god løysing og ikkje medføra påreknelege drifts- og miljømessige ulemper for landbruket i område.

Utfall: vedteke · Presisjon: samroystes

Ingen partifordeling registrert — sjå råteksten under.

Råtekst frå protokollen: protokollen (PDF)

Framlegget vart samrøystes vedteke.

Votering — falt

Utfall: falt · Presisjon: samroystes · for: 0

Ingen partifordeling registrert — sjå råteksten under.

Råtekst frå protokollen: protokollen (PDF)

Kommunedirektøren sitt framlegg til vedtak fekk ingen røyster og fall.

· Sjå heile saklistesaka →