Eit saksframlegg er det som vart lagt fram, ikkje vedtaket — kva utvalet
gjorde med det, står under.
Vi attgjev ikkje innhaldet: vi har berre registrert kva ord som står i
dokumentet, so det kan søkjast fram.
Framlegg 1
vedtekeukjend
Vis heile framlegget
Klagen frå tiltakshavar i sak 2024/6962, datert 03.07.2024, vert teke til følgje. På bakgrunn av jordlova § 12 godkjenner Alver kommune søknad på fradeling av våningshus med 2,4 daa tomt på gnr. 423, bnr. 11.
Grunngjeving: Våningshuset som ønskes fradelt fra det øvrige bruket er plassert i enden av felles gårdsvei. Det gjør at gårdstrafikk med gårdsmaskiner o.l. ikke vil passere gjennom tunet til dagens våningshus (som skal skilles ifra hovedbruket).
Videre er driftsbygningen liten og dersom det skal opprettes normal gårdsdrift må det mest sannsynlig bygges ny driftsbygning. Det vil i så fall være hensiktsmessig å plassere det lengre vekk fra det fradelte våningshuset.
Dagens våningshus med fradelt eigedom vert bustadeigedom.
Gbnr 423/83 er bustadeigedom med bustadhus. Denne eigedomen skal førast saman med dagens landbrukseigedom og hovudbruk – gbnr 423/11. Arealet, som skal byttast, er om lag lik i storleik. I praksis er dette eit makebytte (bytte av areal mot eit anna areal). Formålet med tiltaket er at nåværende eigarar kan halde fram med å bu i våningshuset, medan eit av borna tek over hovudbruket. Vedkomande som skal ta over bnr. 11, bur i dag på tomt som i si tid vart delt frå nabobruket. Over ei avgrensa lengde grensar denne tomta inn til gnr. 423, bnr. 11 ved innkøyringa til bnr. 11.
APM legg til grunn at denne tomta skal førast saman med hovudbruket.
Det dyrka arealet på den omsøkte tomta som skal fradelast er av slett kvalitet og har ikkje pårekneleg verdi som jordbruksareal i framtida, jfr jordlova §12, 2.ledd
Delinga, eller makebyte, som det er lagt opp til, legg til rette for vidare drift av bruket. Etter Alver kommune sitt syn vil det føra til ei driftsmessig god løysing.
Med det driftsopplegg som er pårekneleg for ein landbrukseigedom av denne storleik vil delinga såleis ikkje medføra drifts- eller miljømessige ulemper for landbruket i området. Det vil tverrt om vera ei føremon at jordbruksarealet på bruket vert nytta betre enn det er i dag, jfr jordlovens § 12, 3.ledd.
Delinga vil vidare ivareta busetjinga i området, noko som er i tråd med måla i Samfunnsplanen for Alver kommune, jfr jordlova § 12 , 4.ledd
Etter ei samla vurdering vil Utval for areal, plan og miljø såleis meina at denne delinga(makebyte) vil føra til betre vern av ressursane i området, vera ei driftsmessig god løysing og ikkje medføra påreknelege drifts- og miljømessige ulemper for landbruket i område.
Utfall: vedteke · Presisjon: samroystes
Ingen partifordeling registrert — sjå råteksten under.