Henta frå Alver sine offentlege møteprotokollar og strukturert med KI. Feil kan førekome. Korleis dette er laga

Saksgangen for arkivsak 25/13984

Same arkivnummer går att i 2 handsaming(ar). Tittelen og utfallet under er attgitt slik dei står i kvar einskild protokoll for seg — dei kan skilje seg frå kvarandre mellom møta, og sida vel ikkje éi av dei som «rette» tittel.

PS 46/25

Utval for levekår · 2025-12-02

Høyring - tenestestruktur for tannhelsetenesta i Vestland 2026-2036

Framlegg 1

vedteke Tone Marit Dykolbotn-AP, Matias Våge-AP, Vigdis Villanger-SP, Kari Sæthre-SV, Noah Sellevoll-AP, Gunn-Tove Skjervheim-SP
Vis heile framlegget
  • Saksopplysningar
  • Vestland fylkeskommune har sendt ut Tenestestruktur for tannhelsetenesta 2026–2036 på
  • høyring. Planen legg føringar for korleis tannhelsetilbodet i fylket skal organiserast dei neste
  • ti åra.
  • Hovudmålet er å etablere ein framtidsretta, berekraftig og fagleg forsvarleg struktur som
  • sikrar likeverdige tenester i heile fylket.
  • Planen peikar på behov for færre, men større og meir robuste klinikkar – og ein klarare
  • struktur for samarbeid mellom fylkeskommunal tannhelseteneste og
  • kommunehelsetenesta.
  • Alver kommune annerkjenner Manger og Lindås til viktige lokale helsetilbod for store delar
  • av kommunen.
  • Vurderingsgrunnlag
  • Alver kommune forstår og anerkjenner at fylkeskommunen står overfor vesentlege
  • utfordringar knytt til rekruttering av tannhelsepersonell, små klinikkar med avgrensa
  • kapasitet og eldre og lite funksjonelle lokale.
  • Etter Alver kommune sitt syn er det avgjerande at det etablerast robuste og berekraftige
  • einingar, både fagleg og økonomisk. Slike einingar må ha tilstrekkeleg kapasitet, moderne
  • utstyr, stabil bemanning og høg kompetanse for å kunne levere tenester av god kvalitet.
  • Samtidig ser kommunen at klinikkane på Manger og Lindås i dag er relativt små og difor
  • sårbare både med omsyn til bemanning, fagleg breidde og økonomisk drift. Det er difor
  • viktig at framtidig struktur finn ei løysing som gjer det mogleg å oppretthalde eit godt tilbod
  • i regionen, samstundes som ein styrkar fagmiljø og driftstryggleik.
  • Betydninga av tannhelsetenesta i Alver
  • Tannhelsetenesta er ein sentral del av det samla helse- og velferdstilbodet.
  • Lokal tilgjenge på tenesta bidreg til god folkehelse, sosial utjamning og førebygging av meir
  • alvorlege helseproblem. Tannhelse heng tett saman med både ernæring, livskvalitet og
  • deltaking i samfunnslivet.
  • Lindås og Manger tannklinikk – eit viktig lokalt tilbod
  • Lokale tannlegesentre har gjennom mange år vore eit stabilt og fagleg godt tilbod i
  • regionen.
  • Dei har ei gunstig geografisk plassering i Alver kommune, med god tilkomst frå både nord og
  • sør i kommunen. For mange innbyggarar, særleg barn, eldre, institusjonsbebuarar og
  • personar med særskilde behov, vil auka reiseavstand kunne bli ein reell barriere for tilgang
  • til tenesta. Å oppretthalde lokale tannlegesenter vil dermed bidra til:
  • - Nærleik til brukarane og reduserte transportutfordringar.
  • - Lik tilgang på tenester i heile kommunen.
  • - Tryggleik og kontinuitet i behandling for sårbare grupper.
  • - Sterk lokal forankring og samarbeid med kommunen sine helse- og omsorgstenester.
  • Samhandling mellom fylkeskommune og kommune
  • Alver kommune er positiv til at fylkeskommunen legg vekt på samarbeid og samordning
  • med kommunehelsetenesta. Dette gir moglegheit for felles folkehelseprosjekt,
  • førebyggande arbeid og tidleg innsats for utsette grupper.
  • Krav om robuste og fagleg forsvarlege einingar
  • Kommunen er samd i fylkeskommunen sitt mål om robuste og fagleg forsvarlege klinikkar.
  • Det er fullt mogleg å kombinere dette med eit lokalt tilbod på Manger og Lindås, til dømes
  • gjennom:
  • - samdrift eller fagleg tilknyting til større klinikk i regionen,
  • - bruk av moderne teknologi (digital diagnostikk, felles journalsystem),
  • - fleksibel bruk av personell og spesialistressursar mellom klinikkar.
  • Ei slik løysing vil både sikre fagleg kvalitet og nærleik til brukarane.
  • Kommunedirektøren si tilråding
  • Kommunedirektøren meiner at Manger og Lindås tannklinikk bør oppretthaldast som ein del
  • av den
  • framtidige strukturen for tannhelsetenesta i Vestland.
  • Det bør leggjast til rette for at sentera inngår i eit fagleg og organisatorisk samarbeid som
  • gjer eininga robust, moderne og berekraftig.
  • Kommunen stiller seg positiv til vidare dialog med fylkeskommunen om lokalisering,
  • organisering og samhandling, og ønskjer å bidra til utvikling av ein modell der lokal
  • forankring og fagleg kvalitet blir ivareteke.
  • Kommunen meiner at tannklinikken på Manger og Lindås bør oppretthaldast som eit lokalt
  • tannhelsetilbod, grunna god geografisk plassering, nærleik til brukarane og eksisterande
  • samarbeid med kommunehelsetenesta. Kommunen stiller seg positiv til at nordhordland
  • tannklinikk inngår i ordninga med utvida opningstid.
  • Saksframlegg er høyringsuttale frå Alver kommune.

Utfall: vedteke · Presisjon: samroystes

Ingen partifordeling registrert — sjå råteksten under.

Råtekst frå protokollen: protokollen (PDF)

Framlegget vart samrøystes vedteke.

Votering — falt

Utfall: falt · Presisjon: berre totaltal — protokollen seier ikkje kven som røysta kva · for: 0

Ingen partifordeling registrert — sjå råteksten under.

Råtekst frå protokollen: protokollen (PDF)

Kommunedirektøren sitt framlegg til vedtak fekk ingen røyst og fall.

· Sjå heile saklistesaka →

PS 162/25

Kommunestyret · 2025-12-18

Høyring - tenestestruktur for tannhelsetenesta i Vestland 2026-2036

Votering — vedteke

Utfall: vedteke · Presisjon: samroystes

Ingen partifordeling registrert — sjå råteksten under.

Råtekst frå protokollen: protokollen (PDF)

Innstillinga frå utval for levekår vart samrøystes vedteke.

· Sjå heile saklistesaka →