Alle kommunar
/ Alver
/ Utval for levekår
/ PS 46/25
Henta frå Alver sine offentlege møteprotokollar og strukturert
med KI. Feil kan førekome.
Korleis dette er laga
PS 46/25 Høyring - tenestestruktur for tannhelsetenesta i Vestland 2026-2036
Sjå heile saksgangen for denne saka →
Saksframlegget
Kommunedirektøren sitt saksframlegg i denne saka ligg som eige dokument hjå
kommunen: Opne saksframlegget hjå kommunen →
Eit saksframlegg er det som vart lagt fram, ikkje vedtaket — kva utvalet
gjorde med det, står under.
Vi attgjev ikkje innhaldet: vi har berre registrert kva ord som står i
dokumentet, so det kan søkjast fram.
Framlegg 1
vedteke
Tone Marit Dykolbotn-AP, Matias Våge-AP, Vigdis Villanger-SP, Kari Sæthre-SV, Noah Sellevoll-AP, Gunn-Tove Skjervheim-SP
Vis heile framlegget
Saksopplysningar
Vestland fylkeskommune har sendt ut Tenestestruktur for tannhelsetenesta 2026–2036 på
høyring. Planen legg føringar for korleis tannhelsetilbodet i fylket skal organiserast dei neste
ti åra.
Hovudmålet er å etablere ein framtidsretta, berekraftig og fagleg forsvarleg struktur som
sikrar likeverdige tenester i heile fylket.
Planen peikar på behov for færre, men større og meir robuste klinikkar – og ein klarare
struktur for samarbeid mellom fylkeskommunal tannhelseteneste og
kommunehelsetenesta.
Alver kommune annerkjenner Manger og Lindås til viktige lokale helsetilbod for store delar
av kommunen.
Vurderingsgrunnlag
Alver kommune forstår og anerkjenner at fylkeskommunen står overfor vesentlege
utfordringar knytt til rekruttering av tannhelsepersonell, små klinikkar med avgrensa
kapasitet og eldre og lite funksjonelle lokale.
Etter Alver kommune sitt syn er det avgjerande at det etablerast robuste og berekraftige
einingar, både fagleg og økonomisk. Slike einingar må ha tilstrekkeleg kapasitet, moderne
utstyr, stabil bemanning og høg kompetanse for å kunne levere tenester av god kvalitet.
Samtidig ser kommunen at klinikkane på Manger og Lindås i dag er relativt små og difor
sårbare både med omsyn til bemanning, fagleg breidde og økonomisk drift. Det er difor
viktig at framtidig struktur finn ei løysing som gjer det mogleg å oppretthalde eit godt tilbod
i regionen, samstundes som ein styrkar fagmiljø og driftstryggleik.
Betydninga av tannhelsetenesta i Alver
Tannhelsetenesta er ein sentral del av det samla helse- og velferdstilbodet.
Lokal tilgjenge på tenesta bidreg til god folkehelse, sosial utjamning og førebygging av meir
alvorlege helseproblem. Tannhelse heng tett saman med både ernæring, livskvalitet og
deltaking i samfunnslivet.
Lindås og Manger tannklinikk – eit viktig lokalt tilbod
Lokale tannlegesentre har gjennom mange år vore eit stabilt og fagleg godt tilbod i
regionen.
Dei har ei gunstig geografisk plassering i Alver kommune, med god tilkomst frå både nord og
sør i kommunen. For mange innbyggarar, særleg barn, eldre, institusjonsbebuarar og
personar med særskilde behov, vil auka reiseavstand kunne bli ein reell barriere for tilgang
til tenesta. Å oppretthalde lokale tannlegesenter vil dermed bidra til:
- Nærleik til brukarane og reduserte transportutfordringar.
- Lik tilgang på tenester i heile kommunen.
- Tryggleik og kontinuitet i behandling for sårbare grupper.
- Sterk lokal forankring og samarbeid med kommunen sine helse- og omsorgstenester.
Samhandling mellom fylkeskommune og kommune
Alver kommune er positiv til at fylkeskommunen legg vekt på samarbeid og samordning
med kommunehelsetenesta. Dette gir moglegheit for felles folkehelseprosjekt,
førebyggande arbeid og tidleg innsats for utsette grupper.
Krav om robuste og fagleg forsvarlege einingar
Kommunen er samd i fylkeskommunen sitt mål om robuste og fagleg forsvarlege klinikkar.
Det er fullt mogleg å kombinere dette med eit lokalt tilbod på Manger og Lindås, til dømes
gjennom:
- samdrift eller fagleg tilknyting til større klinikk i regionen,
- bruk av moderne teknologi (digital diagnostikk, felles journalsystem),
- fleksibel bruk av personell og spesialistressursar mellom klinikkar.
Ei slik løysing vil både sikre fagleg kvalitet og nærleik til brukarane.
Kommunedirektøren si tilråding
Kommunedirektøren meiner at Manger og Lindås tannklinikk bør oppretthaldast som ein del
av den
framtidige strukturen for tannhelsetenesta i Vestland.
Det bør leggjast til rette for at sentera inngår i eit fagleg og organisatorisk samarbeid som
gjer eininga robust, moderne og berekraftig.
Kommunen stiller seg positiv til vidare dialog med fylkeskommunen om lokalisering,
organisering og samhandling, og ønskjer å bidra til utvikling av ein modell der lokal
forankring og fagleg kvalitet blir ivareteke.
Kommunen meiner at tannklinikken på Manger og Lindås bør oppretthaldast som eit lokalt
tannhelsetilbod, grunna god geografisk plassering, nærleik til brukarane og eksisterande
samarbeid med kommunehelsetenesta. Kommunen stiller seg positiv til at nordhordland
tannklinikk inngår i ordninga med utvida opningstid.
Saksframlegg er høyringsuttale frå Alver kommune.
Utfall: vedteke · Presisjon: samroystes
Ingen partifordeling registrert — sjå råteksten under.
Råtekst frå protokollen:
protokollen (PDF)
Framlegget vart samrøystes vedteke.
Votering — falt
Utfall: falt · Presisjon: berre totaltal — protokollen seier ikkje kven som røysta kva
· for: 0
Ingen partifordeling registrert — sjå råteksten under.
Råtekst frå protokollen:
protokollen (PDF)
Kommunedirektøren sitt framlegg til vedtak fekk ingen røyst og fall.