Henta frå Alver sine offentlege møteprotokollar og strukturert
med KI. Feil kan førekome.
Korleis dette er laga
PS 87/24 Ny handsaming av klage frå tiltakshavar på avslag på søknad for dispensasjon til støttemur og planering - gbnr 318/34 Sagstad øvre - Sagstadvegen 111
Eit saksframlegg er det som vart lagt fram, ikkje vedtaket — kva utvalet
gjorde med det, står under.
Vi attgjev ikkje innhaldet: vi har berre registrert kva ord som står i
dokumentet, so det kan søkjast fram.
Uttrekket for denne saka er merkt uklar — tala under kan
vere ufullstendige eller feil. Sjå råteksten for kvar votering for den opphavlege
kjelda.
Framlegg 1
vedtekeHenning Fyllingsnes-H
Vis heile framlegget
Klagen fra tiltakshaver i sak 87/24, vert tatt til følge på følgende vilkår:
Utvalet gir dispensasjon frå arealformålet veg og frå regulert byggegrense for plassering av
planering med skråning 2 meter frå grensa mot gbnr. 318/36 og gbnr.
318/35.
Utvalet ber administrasjonen om å følgje opp med teknisk vedtak.
Grunngjeving:
Eigedomen med gbnr. 318/34 inngår i reguleringsplan for Solhaug. Bustadfeltet grensar
til bustadar innanfor reguleringsplan for Tua. Det er regulert veg på tiltakshavar sin
eigedom som gjer det mulig å etablere forbindelse mellom dei to bustadområda, samt for å
legge til rette for tilkomst til gbnr. 318/36 og gbnr. 318/35.
Vegen er i sin heilheit regulert inn på tiltakshavar sin eigedom. Vegen har aldri vore etablert
som regulert. Det er heller aldri inngått ein privat avtale med eigar eller tidlegare eigare av
gbnr. 318/34 om å etablere veg på eigedomen.
Det er berre gbnr. 318/36 som har hatt etablert tilkomst over tiltakshavar sin eigedom.
Den vegen er basert på ein privat rett til å etablere veg med inntil 2 meters breidde
langs eigedomsgrense på gbnr. 318/34. Ved å stille vilkår om at tiltaka skal ha ein avstand
til nabogrensa på 2 meter vil den private vegretten sikrast.
Når det gjeld regulert byggegrense så er den regulert om lag 8 meter frå eigedomsgrensa
til gbnr. 318/34, mot gbnr. 318/35 og gbnr. 318/36. Dette inneber at tiltakshavar sin
eigedom har ei stor begrensning i å kunne nyttast på ein hensiktsmessig måte, for å legge til
rette for ein veg som aldri har blitt bygd og for ein avstand på 4 meter fram mot vegen.
Byggegrense i plan blir i all hovedsak av omsyn til branntryggleik, og behovet for å sikre lys
og luft mellom bygg og ein viss avstand mellom nabobebyggelse, samt av omsyn til terreng
og omgivelsene elles.
Det omsøkte tiltaket er planering og skråning for å sikre parkeringsareal på tiltakshaver
sin eigedom rundt eksisterande garasje. Tiltaka er ikkje til fare for branntryggleiken på
naboer sine eigedomer. Tiltaka vil heller ikkje hindre lys og luft mellom bygg. Basert på dette
er det utvalet si vurdering at omsyna bak regulert byggegrense ikkje vert vesentlig sett til
side viss det blir gitt dispensasjon.
Vidare er fordelane klart større enn ulempene. Reguleringsplanen begrenser tiltakshavar si
utnytting av eigen eigedom vesentleg ved å sette byggegrense 8 meter frå eigedomsgrensa.
Det er ikkje registrert private retter til å etablere veg som regulert. Nabo sin rett til veg på 2
meters breidde vert ivareteke ved at det vert stilt vilkår om at tiltaket må trekkast vekk frå
grensa med 2 meter.
Tiltaka gir også tiltakshavar ei bedre avkøyring inn på eigedomen og opp mot garasjen.
Dei får i tillegg nytte arealet rundt garasjen til parkering og noko uteareal. Utan tiltaka vil
nærare 200 m 2 vere unyttig areal som blir liggande brakk.
Basert på dette er det utvalet si vurdering at vilkåra for dispensasjon frå arealformålet veg
og frå regulert byggegrense er oppfylt, jf. plan og bygningsloven § 19-2 andre ledd.
Framlegget vert vedteke med 10 røyster. (Ståle Hauge-AP, Olav Steinar Namtvedt-SP,
Kenneth T. Murberg-UAVH, Wilfred W. Berthelsen-INP, Henning Fyllingsnes-H, Olav Myhr-
KRF, Nina S. Øvreås-FRP, Yngve Walaker-FRP)