Henta frå Alver sine offentlege møteprotokollar og strukturert
med KI. Feil kan førekome.
Korleis dette er laga
PS 32/25 Klage på avslag dispensasjon frå plankrav for oppføring av bustad og for å nytte gang- og sykkelveg som tilkomstveg til bustad - gbnr 214/222 Fyllingsnesvegen 154
Eit saksframlegg er det som vart lagt fram, ikkje vedtaket — kva utvalet
gjorde med det, står under.
Vi attgjev ikkje innhaldet: vi har berre registrert kva ord som står i
dokumentet, so det kan søkjast fram.
Framlegg 1
vedtekeStåle J Hauge-AP
Vis heile framlegget
Alver kommune tek klagen til følgje og gjev dispensasjon frå kravet om utarbeiding av
reguleringsplan, jf. kommuneplanens arealdel § 2.2, og frå reguleringsplan for Fyllingsnes
slik at gang- og sykkelveg kan nyttast som tilkomstveg for oppføring av bustad. Vedtaket har
heimel i plan- og bygningslova § 19.2
Dispensasjonen vert gitt på vilkår av at det vert gjennomført nødvendige tiltak for å sikre
trygg ferdsel for både gåande, syklande og køyretøy, i samsvar med gjeldande tekniske krav
og retningslinjer på utkøyrsel til FV.
Grunngjeving:
Etter ei heilskapleg vurdering finn kommunen at omsyna bak plan- og bygningslova § 19-
2, overordna plan kommuneplan eller reguleringsplan for Fyllingsnes ikkje vert vesentleg
sett til side. Fordelane ved å gi dispensasjon klart overstig ulempene bla. med tanke på
bygdeutvikling.
Tiltaket er i tråd med overordna plan sitt arealformål.
Slik tiltaket er innretta medfører det små behov for ny infrastruktur då ein kan nytta
eksisterande veg like ved tomta.
Gang- og sykkelveg i reguleringsplan for Fyllingsnes er i dag tilkomstveg for føljande
bustader Gnr/bnr 214/155, 30 og fritidsbustad på 214/39. Desse bustadane er ikkje innlema
i Fyllingsnesplan.
Framtidig løysing av tilkomst til desse eigendomane og den omsøkte gnr/bnr214/222 må
løysast i samband med etablering av regulert gang-/sykkelveg. Fyllingsnesplan er over 10 år
gamal og bør rullerast og da bør dei nemnte eigedommane takst inn i den for å fina sin
permanente løysing. Utvida bruk av dagens vegløysing vil ikkje hindra ein god løysing i
framtida.
Tiltakshaver har vegrett fram til tomten.
Avlaup og vatn vil verta løyst i byggjesak, vatn er offentleg.
Ei berekraftig arealutnytting ved å nytte eksisterande infrastruktur utan behov for store
inngrep i terrenget. Foreslått plassering vil ikkje hindra ei framtidig heilskapleg, berekraftig
og gjennomtenkt utvikling av området.
Det er i dag bustadar i området som brukar nærmiljøet som leikeareal og det ubygde LNF
område er i praksis eit grøntområde slik som ellers i spreidd bygde bygder. Eigendommen
ligg utanfor Fyllingsnes sine plangrenser som inneheldt areal for leikeplassar.
Ros-analysen for Fyllingsnes plan påpeikar skulevegen. Det er ein markant forskjell på eit
bustadfelt med 158 bueiningar og skule og eit nytt bustadhus når det gjeld auke av trafikk
langs Fyllingsnesvegen.
Trafikksikre løysingar for utkøyrsel i kommunalveg må etablerast etter norm for dette.
Søknaden støtter Alver kommune sine mål 6.3 Prinsipp for bygde- og grendeutvikling i
Samfunnsplan 2022/2034.
Utfall: vedteke · Presisjon: samroystes
Ingen partifordeling registrert — sjå råteksten under.